Gratis Bryllupstale!!!
For tida så er årets heitaste søkjeord for å kome inn på bloggen min:
- gratis bryllupstaler
- bryllupstale
- bryllupstaler gratis
- eksempel bryllupstale
- eksempel på bryllupstale
- bryllupstale”"
- brudgom tale
- bryllaups tale
- bryllaups tale til bruda fra brudgommen
- bryllaups taler
- bryllupstale eksempel
- bryllupstale som eventyr
- bryllupstaler eksempel
- bryllupstaler eksempler
- bryllupstaler vits
- eksempler bryllupstaler
- eksempler på bryllupstaler
- gamle bryllupstaler
- gratis bryllupstale
- gratis+bryllupstaler
- tips til bryllupstale
Desperate mannfolk.
Eller… hmmm… kanskje eg burde byrje å stresse litt eg også? Det er under to månader igjen. Etter sånne bryllupsplanleggingshjelparar så burde eg vel vere ferdig med talen for eit par månadar sidan, men det kan eg bekrefte med stor visse at eg ikkje er. Men stressa? Nei, ikkje enda i alle fall:)
Men ja, litt vidare om mine desperate mannfolk. Ein ting var det viss eg faktisk hadde lagt ut ein gratis bryllupstale på bloggen min. Det har eg da ikkje, det som eg har skreve om var at eit av årets søkeord – 2008 var “gratis bryllupstale“. Med påfølgjande kommentar: “HALLLO!!!!”. Dette medfører at når du googler “gratis bryllupstale” og går eit par sider utover så finn du dette her:

Burde ikkje “årets søkeord” eller “HALLO!!!” seie noko? Eller, når du desperat har leita på eit par side går du inn på alt? Den mest desperate søkjaren var ein frå Oslo som hadde bladd seg gjennom 19 sider på Kvasir for å finne fram til at eg hadde skreve om at eit av årets søkjeord var “gratis bryllupstale”… (Jepp, du kan få ut masse info om dine vitjarar ja…)
Jaja, sjekk ut her da folkens:
Eller ei anna liste frå google:
Men ja.. Eg bør vel ikkje stå å rope så alt for masse enda. I alle fall ikkje før min tale er ferdig. Men eg kan i alle fall love at eg ikkje på fredags kveld skal sitte på kvasir og leite på side 20 etter gratis bryllupstaler!
Det som derimot blir morosamt er å sjå kor mange treff dette innlegget her får…
Mon trur om du som les akkurat dette her, har ei kjensle av at du sit med skjegget fullt av postkasser?
Oppdatering:
Vel… det tok ikkje ein dag før toppen av google var nådd…
Så ja, beklager at eg skuffa dokke. Ja, spesielt du som satt på din Windowsmaskin i Sandnes, og du som kjørte Windows Vista i Horten og brukt fleire minutt på å lese teksten over, og ikkje minst du frå Sarpsborg som berre var innom i 1 sekund før du såg at dette her ikkje var noko å få hjelp ut av… Beklagar at eg forstyrra dykk i denne desperasjonens stund.

[...] som ikkje har fulgt med. For litt over 3 månadar sidan presenterte eg eit lite skribleri om “Gratis Bryllupstale!!!” Her lage eg ei fin liste over at mange folk kom inn på bloggen min fordi dei hadde søkt [...]
IDIOT
Kjære Brudgom,
årsaka at eg skuffa deg stort med at her faktisk ikkje var gratis bryllaupstalar her inne. Som mange veit så, er det ikkje alt som er gratis her i livet, men sjølvsagt det finnast untak. Det er veldig masse bra her i livet som er gratis. Ja, kanskje livets største glede er nettopp gratis.
Men… Sei at det faktisk hadde vore ein gratis bryllupstale her ute på nettet, der det berre var å fylle ut namnet på din kjære og vips så var talen ferdig. Ville du da brukt den? Trur du ikkje at y antall desperate mannfolk sit der ute kvelden før bryllaupet og leitar etter taleforslagt. Og at viss dei hadde funne ein “gratis bryllaupstale” så hadde dei nok tatt den? Men kva hadde skjedd då? Jo, ganske mange like talar etterkvart? Trur du ikkje at din kjære også har leita litt på nettet etter tips? Kva skjer viss du står i bryllaupet og held den fantastiske talen, for så at din kone kjenner igjen nærmast kvart ord?
Eg er ingen perfekt talar, men var det ein ting eg ikkje gjorde så var det å søke på nettet for å få idéar. For viss du ikkje klarer å kome på kvifor i alle dage du vil gifte deg med henne så ja… vel… trur du veit kva eg meina.
Men, lykke til vidare på leitinga di etter “gratis bryllaupstaler”, det er godt å få andre folks meiningar. Og ikkje minst, lykke til med bryllaupet ditt! Slapp av, det går så bra så. Ingen ting å stresse med:)
(Spørsmålet er berre korleis veret blir i Tromsdalen da… :) )
Faens Tullekuk!!
Bruke tia te folk på sånt.
Ka glede har du av det.
Tosk!!
Nei… den som hadde ana kva glede eg fekk ut av dette her ja… Tja.. kven veit.
Kanskje skadefryd over desperate mannfolk som søker etter “gratis bryllupstaler” på google?
Dagens tips Ole: Ikkje gjer det du. Bruk dine eigne ord du.
[...] Mai er fyrverkeri, Coldplay starta med å varme opp til konsert, og årets bjarnebs.com var skreve: Gratis Bryllupstale!. (Gode tid – desperate [...]
Hahaha! Gøy:)
TakkTakk:)
Takk for mandag forresten;)
tosk
TakkTakk:)
Alltids koslig med tilbakemelding. Håper du fekk litt motivasjon til å finne på ting til talen din sjølv da Arne, altså ikkje berre kopiere andre sine taler…
Men, men. Ha ein finfin dag!
Herlig..
Jepp, det er akkurat det det er:)