Amazing Grace

amazing-grace
Eksamenslesning får fram det mest i folk. Særleg på lesesalen. Frustrasjonen over visse type folkegrupper blir ofte stor. Spesielt når enkelte av denne typen ALDRI klarer å lærer seg at det er noko som heite kviskring… Altså, då i form av at ein faktisk senker stemmenivået for å skåne andre uskuldige mot den daglege oppdateringa av Paradise Hotel. Littegrande frustrasjon her… MEN, det var i går. Den tide er over. I dag er det ein ny dag med nye moglegheite! Fantastisk!

Men eksamenslesing kan vere så mangt ja.. Under den daglege oppdateringa på tidenes beste tv-serie så spela dei songen «Somewhere over the Rainbow», medan tema på heile episoden var Trollmannen frå Oz ja. Då slo det meg: Kor mange variantar er det i grunn av den songen? Spotify er tingen, og eit lite søk (krev at du har Spotify ja) gav ca 450 forskjellige innspelingar… Då var det berre å starte frå toppen da, og høyre i veg… Etter ein liten diskusjon med Sveinung over dette tema kom det fram at dette nok ikkje var det songen som hadde flest forskjellege innspelingar… Han kom med føreslaget Amazing Grace. Spotifysøket gav heile 1129 treff.. Jada, der er eit par som er av same person, og nokon som som er så ulik den opphavlege songen at den ikkje kan kallast Amazing Crace… men ja. Utruleg at der faktisk finnast så mange innspelingar av den eine songen altså… For ikkje å snakke om kor mange forskjellege typar folk som har spela den inn.. alt frå Elvis til Petra.

Men, dagens spørsmål: Er det kanskje ein song som har enda fleire versjonar?

Har du ikkje Spotify? Folk her inne deler villig ut invitasjonar. Kos deg:)

Oppdatering:
Vel… var kanskje litt for lite gravande jorunalistikk her. Eit lite google søk gav fort følgjande resultat:

«Yesterday» has been recognized as the most recorded song in the history of popular music;.

Med over 3000 registrerte versjonar er det verdas mest innspela song. Så då veit du det. Spotify gav dog berre 2076 resultat… Hmmm.. det aner meg kanskje at der er ein god gamal song som har enda fleire versjonar…