Påskeferien

hurtigruta

Vel, påska er i alle fall over no. Det merkar ein på at sola skin i Bergen, og inspirasjonen til å lese til eksamen er minimal. Men, lat oss no ikkje sørgje over det. Lat oss heller ta litt tilbakeblikk på den fantastiske påska som har vore, og byrje å planlegge den neste?

Etter enda litt meir av førpåskeferien vart det tur til Sunnmøre. Her var det sommer, sol, bursdagsfest, snø, ski, sol, hyttebesøk, skitur, tryning, soling og sjølvsagt: Ei ukjend mengde med Kvikk Lunsj som vart konsumert. Finfine saker. Så kvifor ikkje gi dykk nokon bilete av den? For dei som lurer litt på kva den kryptiske beskjeden som stod i forgje skribleri, så er det snakk om ski. Ikkje kva som helst ski. Det var faktisk mine nye ski! Dei fortjena i røynda eit heilt skribleri for seg sjølv… så det kjem nok etterkvart. Hald ut!

Du kan sjølvsagt få sjå alle andre bileta under her, eller i galleriet, eller på flickr. Men vil berre først legge fram eit par høgdepunkt:

Hurtigruta med boblebad

Bålkos i skauen

Kyrkja der store ting skal skje...

Ein foss ja..

Get macromedia Flash Player