Pondus

smp-pondus
Som vanleg så startar morgonen med å oppdatere seg kva som har skjedd. Vi snakkar altså om nyhende. Derfor går det med litt tid til å titte innom her og der for å henge med i samfunnet og alt det der. Og sjølvsagt må du få med deg litt lokalstoff også. Det er her vi kjem til smp.no – Sunnmørsposten si nettavis. Som Ponduselskar så er jo dette her heilt fantastisk! Her blir vi presentert for striper som eg aldri før har sett. Her slepp vi uvettige nyhende om ting som vi ikkje bryr oss om. Ja til Pondus som hovudoppslag!!

Men… for å ta den andre synsvinkelen litt. Ein synsvinkel frå dei som ikkje elskar Pondus så mykje. Korleis kan smp framstå som ei seriøs nettavis når det beste dei klarer å putte opp som hovudoppslag er Pondusstriper? Det er framleis lenge til somaren. Det burde ha vore noko meir fornuftig å få fram… Dei klarte heller ikkje å finne ein mindre skrifttype