Nyhende – slik vi vil ha dei

nyhende

Bjarne, aka den nyheitsfascinerte og oppdaterte personen, har lagt sin store frustrasjon på det som preger dagens media. I alle fall når det gjeld nettmedia i form av nettaviser. For vi er jo alle kjend med VG, DB, DN, VL, AP, NRK og så vidare… Men ingen av desse er dei ulitimate formidlarane av nyhende slik vi vil ha dei.

Lat oss starte med VG, eller Verdas Gang
+ Raskt oppdaterte nyhende. Skjer det noko så kjem det snøggt både bilete og info om ei sak
– Ukritisk bruk av bilete som folk sender inn.
– Skriver alt for masse om ting vi ikkje kan forstå at vi burde bry oss om, som: Naken, pupper, rumpe, Paradise Hotel, Jan Thomas osv…
– Klarer ikkje i det heile tatt å presentere økonomiske nyhende med verdi utover ehhh.. ingenting. Eller, for så vidt alt som har med tal å gjere. Vi hugsar vel denne saka her?
– FRP… Treng vel ikkje meir kommentar enn det
– Facebook? Nei.. vi bryr oss ikkje om oppdateringane
– Eksisterer det forresten ei syggare nettside?

Går vi vidare til DB, Dagbladet
+ Raskt oppdaterte nyhende.
– Ukritisk bruk av bilete som folk sender inn.
– Skriver alt for masse MEIR om, som: Naken, pupper, rumpe, Paradise Hotel, Jan Thomas osv…
– Økonomi? … Ehhh.. kva er det?
– Palestina = Johoooo!!!!
– Facebook? NEI, for all del: KVEN I ALLE DAGER GIDD Å BRY SEG OM AT FACEBOKK HAR FJERNA «is»?????

DN, Dagens Næringsliv
+ Solide saker om økonomi
+ Solide saker om masse anna
+ Utruleg nok så er der mange kjekke artikklar og reportasjar (Jf, D2)
– Lite med rask oppdatering av andre nyhende
– Kanskje litt for masse fokus på økonomi

VL, Vårt Land
+ Ei god oppdatering på nyhende, berre med ein liten twist… Journalistane legg faktisk vekt på at det er personar som sakane omhandlar. Det er ikkje berre instrumentelle roboter utan eigne kjensler, meiningar og ja…
– Litte grande treig på oppdaterte nyhende
– Israel = Johooo

AP, Aftenposten
+ Fin fin avis med relativt godt oppdaterte nyhende. Flink på økonomi, eller i alle fall flinkare enn DB og VG.
– Alt for masse Oslostoff (logisk nok….)
– Ein del pjatt opp pupper og romper…

NRK – Rikskringkastinga
+ Tilbakebetaling av lisenspengane i form av andre gode
+ God oppdatering
+ God kvalitet på det som står der
– ofte litt for masse om politikk
– ofte ALT for masse om politikk.

Så kva må ein gjere da for å få med seg det som skjer i verda? Jo, vitje alt for mange nettside og bli eksponert for ting ein verken ynskjer å lese, har behov for å lese, eller ja… Trur dokke skjønnar. Eg seie berre Jan Thomas.

Så.. kva gjer ei da? Jo, du blir din eigen nyheitsleverandør! Ehh.. kanskje ikkje leverandør, men presantør! For kva gjer ein? Jo, ein henter inn info frå DB, VG, AP, NRK, VL, DN osv… stort sett alt av det ein kan finne av nyheitskjelde. Så filtrerer ein bort alle saker som omhandlar økonomi, rente, lån osv frå Dagbladet og VG. Økonominyhende berre frå DB, AP, NRK og VL. Så køyrer ein DB, VG og AP gjennom eit filter som fjerner alle saker som ingen vil lese. No sitt vi med ei god samling av nyhende som faktisk er relevante for dagens samfunn. Nyhende som er til nytte for folket! Men… vi treng litt struktur. Derfor sorterer vi all info etter publiseringsdato og gjer eit forsøk på å fjerne dupliserte nyhende. Kva bli resultatet? Jo:

Nyhende – slik vi vil ha dei

Grafisk illustrert:

Nyhende, slik vi vil ha dei!

For datanerden så er dette berre ein RSS-straum, og er derfor ikkje særleg fint formatert, du treng ein RSS-lesar for å klare å lese den. Men dei fleste nye nettlesarar har dette innebygd så det skal nok gå så bra så!
– Bileta, kvar er dei? Av alle ting så er det berre DN som klarer å levere bilete gjennom RSS-straumen sin. Dette medfører at nyhende frå andre stadar ikkje har bilete.
– Ikkje meir tekst? Nope. Info blir berre henta frå nettsidene sine RSS-straumar, og dei har ikkje meir info i seg…

Det blir altså sjåande ut som nokke ala dette her:

RSS

Bugs… Som alltid er der eit par bugs her..
– Blant anna at klokkesletta ikkje er heilt korrekte. Nettsidene har ikkje klart å samkjøre seg på å stille klokka på RSS-straumen. Dette medfører at sorteringa etter publisering ikkje alltid er heilt perfekt.
– Litt trein oppdatering av straumen. Dette har si årsak i at innhenting og sortering tar littegrande tid.

Så, er vi nøgde med resultatet? Nja… Konseptet er i alle fall svært godt vil eg seie! Treng det meir utvikling for å bli perfekt? Ja. Treng vi betre leverandørar av nyheitskjelde? JA! Derfor er det godt å sjå at NRK held på å gjere noko med det.

God idé? Dårleg idé? Perfekt idé? Idiotisk idé? Tja.. kven veit. Håpe berre nokken som er litt flinkare enn meg kan utvikle dette til noko meir.

Det er vi som lesarar som er det viktige for avisa! Eller, det er i alle fall slik det burde vere. Men slik det ser ut no, så er verkar det ikkje akkurat heilt slik.