Marknadsmakt


Eller i alle fall påverknadskraft. Som dykk sikkert hugsa så vart eg relativt godt skaka (skaka som i skakaMJØLK ja) over at Tilbords ekskluderte brudgommens ynskjer og skriv rett ut: Fortell oss hva du ønsker deg. Dette kunne eg ikkje berre la gå forbi utan at noko skjedde. Kontakta eg Tilbords? Jepp, det gjore eg veit du. Og resultatet?

Den nye brosjyra

Om alt er til mi ære veit eg ikkje. Det kan jo sjølvsagt også vere andre som har sett og kommentert dette, men likevel: Marknadsmakt er godt!

Men… det er ein ting som ikkje har blitt fiksa opp i. Det er framleis berre ei brud som får pryde folderen som Tilbords gir ut… Jada, eg veit at nokken der ute fann på at ein skulle endre på reglar slik at det faktisk er lov til at brud og brud går ann i same bryllup. Men det bryr vi oss så negativ om at det overser vi totalt i denne samanheng.

Framside Tilbords

Så, sei JA til brudgommen! Har Bjarne kontakta Tilbords igjen? Ja. Blir det oppdatering på saka viss svar kjem? Jepp. Hmmm.. kanskje vi burde få til litt meir nynorsk også?

Når det er sagt… Kanskje du kan ta deg tid innom her og skryte litt over Sigrun og meg :)