Førpåskeferie

fossen

For enkelte har påskeferien 2009 allereie starta. Så langt, så vakkert! Sidan folk finne på å gifte seg for tida så er Sigrun og eg på Birkeland. Og det er no stas. I staden for å stikke tilbake til Bergen over helga så tok vi rett og slett påskeferie litt tidelig i år.

Men, noko ferie blir det vel kanskje ikkje… Sidan vi også skal gifte oss i sommar må det ordnast opp i litt av kvart. Stol på meg, å fikse til bryllup er meir enn kva du trur. Og for å hjelpe oss så kjem både mamma og pappa nedover i helga. Altså både mor, far og barn på alle moglege vegar… Men det blir nok stas!

Sidan Birkeland fekk snø i natt (jepp! – snø på sørlandet) så tok eg og Sigrun ein tur. Bilete? Jepp. Sjølvsagt!

Get macromedia Flash Player