stud.NHH i eit nøtteskal…

Kristofer Lehmkuhl

Dagens litle nyheitsklipp var eit lite tips frå Hans Peter, som skriv som følgjer:

«Dette må da være en NHH-student. En kvalm NHH-student fra Bærum. Hehe ;)»

Og med lenke til Dagbladet. Fyr saksøkjer medstudent for 36 mill for å ha blitt bitt over auget på ein lukka fest ved NHH… 16 mill for tapt arbeidsinntekt sidan han mest sannsynleg ikkje vil klare å gå på master, men berre ut med bachelor frå NHH. Og 20 mill for tort og svie… Lat meg sitere frå Hadeland:

«Han sier voldsepisoden var en traumatisk opplevelse. Han slet med nedsatt syn i to uker etter hendelsen. Han frykter nå at han ikke klarer å gjennomføre masterstudiene og få en fremtidig godt betalt lederjobb i næringslivet, og at han må klare seg med bachelorgraden i stedet.»

Men ja, gitt at han faktisk bruker lenger tid enn 14 dagar på ein mastergrad, og fullfører ein mastergrad i eit eller anna. Som god sjef ved ei bedrift så googler du nok opp dine framtidige tilsette, og i alle fall viss du søkjer direkte etter ein som skal ha ein leiarjobb… Då vil eg gjerne spørje: Kven vil ynskje å tilsette ein person som saksøkjer ein medstudent for 36 mill på grunn av eit bitt over auget. Nei, det er ikkje normalt å bite folk over auget, så eg synes studenten kan vere med på å dekke direkte legeutgifter slik han også har gitt uttrykk for at han kan, men kva skjer viss kaffien vart servert litt for varm? At dolokket ikkje var skikkeleg konstruert slik at det hald seg oppe…

Jaja, eg berre seie… Satser på at ytringsfridommen framleis regjerer og at eg ikkje blir saksøkt for ærekrenking på grunnlag av mine utspel.

Meir om denne saka? Jepp her: NRK, BA, BT,  Hadeland E24, TV2 og ja, sjølvsagt Verdas Gang. NHH sine sider kan også halde deg oppdatert over mediedekninga…

Spørs om sjølvaste Kristofer Lehmkuhl også ville ha rynka litt på nasa over dette, der han står på sin sokkel og skuer innover mot Bergen by…