Nasjonalromantisk 15-åring

Jepp. Det stemmer: Det har allereie gått 15 år. 15 år sidan norske nasjonalromantiske bilete strauma ut i den store verda til kvar ein krok. Snø, ski, kulde, fint ver, glede, sorger, hat, intriger, ein god gamaldags floke osv. Gode tider då undervisinga vart bytta ut med tv-titting. Då radioen alltid stod på i klasserommet, då det aldri har vore så godt å vore Nordmann! 

Neida, eg leita ikkje fram eit gamalt opptak av opningsermonien til OL på Lillehammer i 1994, NRK var så snill å sende den direkte opp og ut i lufta til meg. Men opninssermonien til siste sommerOL godt i minnet så ante eg at det kanskje skulle bli ein liten skuffelse… Men neida! For dykk som ikkje såg dette gilde, lat meg presentere:

Lysgårdsbakkane med masse folk, ol-ringar, flagg, snø med meir…

Han godaste Bjørn! Johooo!!!

 

Alle land inne på stadion.

Her kjem flagget!

Nei, men… Noreg sin store helt! Sjølvaste Thor Heyerdahl. Snakka han engelsk? Ja, det gjorde han.

Nasjonalromantisk bilete… eller i alle fall ei snødekt grein som alltid skulle inn i bilete.

Småunga som vifta med flagg… 

Han godaste Antonio.

Helten over alle heltar; alltid like trøtt.

Det store fakkelhoppet!

Godkrompen i moteriktig kledning…

Sissel…. Kven ellers?

Norsk Militer Tatto. Bombe!

Man som spilla på horn… logisk.

Man som spilla på horn medan Liv Ullmann les eventyr for småunga på norsk og engelsk medan Thor ser på. Normalt.

Men he? Kva er det som skjer?

Drar dei på noko?

Neimen, eit jordklodeegg.

Eit jordklodeegg med ei due inne i seg….

Ei fredsdue! 

Fyrverkeri? Ja.

Logo? Ja. Du ser den enda trygt og godt plassert i Lillehammer. Berre spør f.eks Hanne og Svein Arild. 15 år etter… Godt vi er nordmenn som elskar Noreg.

 

Så ja, var dette stas? Jepp.

Var det så gale som ein skulle ha tenkt at det kunne ha vore? Nope.

Nasjonalromantisk? Å JA!

Klisjefylt? Neeeee…

Kunne det ha blitt bedre? Nope.

Slår det opninga i Beijing? Å JA! Ned i skistøvlane!