Madonna?

Madonnakonsert?

Madonna skal visst til Noreg. Tidenes popdronning skal for første gang i tidenes historie vitje Noreg. Kult? Nja… Ikkje det at Madonna akkurat kjem øverst på spelelista mi. (Faktisk, av over 12000 spela sanga sidan Noveber 2006 har eg berre spelt Madonna 8 gongar. Toppa med Frozen, heile 2 gonga!) Men likevel: Dama har laga frykteleg mange fengande låtar som, vel, alle har gåttt rundt å nynna på ein eller anna gang. Enkelte ganske masse meir enn andre også vil eg tru? 

Men: Kvifor dette pjattet Bjarne?

Jo. Dagens godbit til mine lesarar. Meld dykk inn i Live Nation!

Ehh.. jaja, kvifor det?

Jo, Live Nation er dei som er med på å arrangere store konsertar. Då blant anna Madonnakonserten i Oslo til sommeren. Og som medlem av Live Nation har du tilgang til førehandssal. Sjølv om eg ikkje akkurat er Madonna sin største fan, så tenkte eg at dette er ein slik konsert som ein kanskje burde få med seg i løpet av livet. Ikkje fordi det er Madonna, men berre for å oppleve eit ganske sikkert så heidundrande show og god stemning. Evt, så kunne eg jo sikkert fått solgt billettane viss eg sjølv ikkje ville. Det er nok sikkert mange som ville ha dei… Men, kr 1100,-? Høsj! Ja, 800,- er ikkje noko val… Må jo komme langt fram da… :)

Men… ehh.. funker dette med Live Nation?

Jajaja! Det er vel ein grunn til at eg fekk Coldplaybilletter dagen før salet starta:) 

Og viss du lurte: Eg klarte å la vere å kjøpe… 

Og ja, takk til storesøster som tipsa meg om Live Nation:)

NB! Ikkje sei dette til nokken andre da. Vil jo ikkje at heile Noreg skal få vite om denne godbiten, då blir jo førehandssal ikkje lenger så eksklusivt…