Appelsinpiken

appelsinpiken

Slapp av kjære lesar, eg skal ikkje røpe noko viktig frå sjølve filmen. Det må du sjølv finne ut ved å sjå den. Når det er sagt så kan eg halde fram…

I går var Sigrun og eg på førpremiere av Appelsinpiken. Appelsinpiken som i filmatiseringa av Jostein Gaarder sin roman med same namn. Av alle ting, så var det faktisk Det Nye som inviterte til førpremiere. Ja, littegrande flaut å innrømme at det var Det Nye som sponsa billetten min, men slapp av: Det var Sigrun som las om førpremiere i bladet, ikkje eg. Førpremiere er i seg sjølv stas, enda meir stas er det når både ressigør og eit par av skodespelarane står framme før filmen og forklarar litt om korleis filmen vart til, litt om utfordringar og gleder og slik om det å lage den. I tillegg til ei kort forklaring om bruk av visuelle verkemiddel. Fin fint rett og slett.

For dei interesserte, så i regien for filmen finn du Eva Dahr. Dama som blant anna har hatt ansvar for Mars og Venus, og ikkje minst NRKs Himmelblå. Eva var den første av i alt 5 (til no) som har hatt regien for den letter nasjonalromantiske nordnoregromantiske tv-serien.

Men ja, tilbake til filmen:

For dei som ikkje har lest Appelsinpinken, eller veit nokke om filmen, så er jo det snakk om romantikk og slikt. Tilbakeblikk, gode historier, kjensler og alt det der. Ein film som nok sikkert passer heilt utmerket for lesarane av Det Nye. Så, det var kanskje ikkje så rart at info om førpremiere var i Det Nye og ikkje Vi Menn… For å ikkje røpe for masse om filmen, kan eg trygt meddele at; ja, det er ein god film. Både med tanke på historia og reint filmteknisk. Historia må du sjølv gå for å finne ut, men bruk av musikk, fortellerteknikk og kamerabruk var slettes ikkje verst. På ein måte så er det litt stygt å seie, men likevel: Det var slettes ikkje verst med tanke på at det er ein norsk film. Norske resigører har framelis litt å lære om moglegheitane som ligg i kamerabruk, ikkje det at Hollywood gjer det betre, men ja, likevel…

Hmmm… kanskje litt masse svada dette her, men eg ynskjer verkeleg ikkje å skrive så mykje meir om sjølve filmen. For ikkje så lenge sidan var det Bokklubben som inviterte til førpremiere av De Usynlige, og det slår meg ein ting: Å få oppleve ei førpremiere er ganske fantastisk.

  • For der første slepp ein at avisere, type VG og Dagbladet, har skreve alt for masse om filmen som du skal sjå, gitt den terningkast og det heile. Slik at ein nesten har bestemd seg kva ein synes om filmen før ein i det heile tatt har fått sett den. Terningkast liker vi ikkje. Terningkast er missvisande. Lurer på kor mange filmar som får unødvendig mange vitjarar fordi den får eit godt terningkast, og ikkje minst andre vegen: Kor mange filmar som får dårlege vitjartal fordi VG sin filmanmeldar var i eit dårleg humør den dagen…
  • For det andre, førpremiere kjem då før premiere, og på den måten så unngår ein også å komme innom så fryktelig mange trailera av filmen. Trailere er for så vidt ein kjekk ting viss du skal sjå ein film på nytt eller nokke slikt, men for ein heilt ny film så øydelegg ein trailer nesten meir enn den freistar.
  • For det tredje, når du veit at du skal på førpremiere så ungår du også problematikken med at du desperat leitar etter info om filmen for å vite om den er verdt å gå på. Du får eit par billetter, møter opp, får sjå ein film  og kan sjølv setje deg ned å vurdere om den er god eller dårleg.

Så ja, eg elskar førpremierer! Ikkje berre fordi eg er Sunnmøring (førpremiere er som oftast gratis ja…), men fordi det gjer eit mykje betre utgangspunkt for ei subjektiv vurdering av ein film.

Og ja, ta deg tid til ein tur på kino for å sjå Applesinpiken. Gjerne saman med nokon ja… Sjølv er eg nok litt for gifteklar, så eg sender oppfordringa frå Møyfrid til andre gutar der ute i verda. Dog med ei lita åtvaring: Det kan hende du får ei lita kjensle av prestasjonsangst…

Ei lita oppdattering…

Då har terningkasta starta med å trille, mon tru kva dei fell på… For du som skal sjå filmen, prøv så masse å la vere å lese kva andre meinar. For dykk andre: