Bryllaup og slikt…

For dei som enda ikkje har fått det med seg; ja, eg skal gifte meg den 25. juli 2009! Johooo!!! Det blir stas veit du! Og.. når vi er inne på bryllaup og slikt. Etterkvart som no tida nærmar seg så får eg meir og meir bekrefta eit faktum: Det er stort sett ingen ting som heite brudeparet sitt bryllaup. Det er alltids bruda sitt bryllaup. Brudgommen er ikkjeeksisterande heilt fram til den store dagen. Då skal han halde tale, og det er vel alt… Men ja, tilbake til saka: Kvar er brudgommen? Over ser du eit bilete frå brudeparsynskjelistehefte til Tilbords. Her opplyser dei så fint om alt det fine som Tilbords kan gjere for brudeparet. I heftet finn du sjølvsagt bilete av bruda, men ingen brudgom. Og det beste av alt: “Fortell oss hva du ønsker deg“… Og med tanke på bilete av ei brud i brudekjole på neste side, som eg ikkje fikk tatt bilete av: Der er ingen tvil om at det er bruda sine ynskjer som skal fram. Derfor blir det også enda betre når det står “gave som brudeparet setter pris på.” Altså, brudeparet er redusert til du, og når det er bilete av berre ei brud så er det vel ikkje tvil. Brudeparet sine ynskje er bruda sine ynskje, brudgommen har ingen ting å seie… I alle fall etter Tilbords sine ynskje.
Du høres overrasket ut? Bryllup handler mye om bruden, og de kan ta kontrollen om de får lov, så du må bare lære deg å stå på krava! Og i forhold til den store dagen så er det ingen som bryr seg om hvordan du ser ut, for de ser bare på bruden.. menmen, det er vel slik det er for oss menn.
Hehe:) Tja, kanskje ikkje så veldig overraska. Alle har vel vist at bryllaup er stort sett berre om bruda, men å skrive det så tydeleg som dette er ganske bra vil eg seie altså. Det er liksom ikkje tvil.
Når det skal seiast, så er jo Tilbords faktisk ein av dei butikkane som det faktisk er litt kjekt å vere i. Dei har forskjellege kaffimaskiner, kaffikopper og kaffikanner.
Lær å stå på krava altså? Hmmm… snakker vi negativ eller positiv erfaring her;)
så dei har kaffi -kopp -maskin, og-kanner altså..det e det som sir om det e intresant..hehe…føle med d i problematikken…du må ønske d hvertfall en ting bjarne…verktøykasse, eller nokke anna skikkeli macho som vise at der e andre enn bruda, e for min del ønske me en kajon!
evnt. gå på biltema eller mekonomen og lag di eiga ønskeliste!ting som en trenge til huset mer sånne praktiske ting, som diverse sage og høytrykkspyler og slikt!
Kremt kremt! Føler det er liten presisering om at dette ikke er tilfelle i våres planlegging… Drill, verktøykasse etc er jo allerede på lista. Jaja, stakkars Bjarne som må holde ut med bridezillaen;)
Hehe:) Tilbordsbutikkane er ikkje så verst nei, Svein. Kjekt å gå rundt der. Og som du ser at bruda har skreve: Både verktøykasse og drill står på lista. Så eg skal faktisk ikkje klage så masse. Eg får delta så masse eg vi, synes faktisk at det er gøy ogå:) Kall meg gjerne litt eit-eller-anna, men å plukke ut servise og slik er faktisk litt stas. Det viser jo liksom litt av kven ein er da… Så skribleriet var berre litt frustrasjon over sånne småting… Synes det er rart at nettopp tilbods kan skrive slikt…
Men, men: Kanskje eg kunne skreve på høgtrykkspylar også ja. Det er jo ikkje så verst. Kva anna ting bør ein ønske seg forresten
[...] (skaka som i skakaMJØLK ja) over at Tilbords ekskluderte brudgommens ynskjer og skriv rett ut: Fortell oss hva du ønsker deg. Dette kunne eg ikkje berre la gå forbi utan at noko skjedde. Kontakta eg Tilbords? Jepp, det [...]