Bjarne rasker over isen…
Det er på tide å seie godt nytt år! Ja, evt. Godt Nyttår vis du vil ha det på den måten, men sidan vi har kome inn i ein nytt år kan ein seie godt nytt år… Men ja, nok om det. Nyttårsfeiringa gjekk, tradisjons tru, dette året på Birkeland. Eller rettere sagt, oppe på ei hytte oppe i skauen. Masse hyggelege folk, danskar til og med, og elles god mat og fyrverkeri! Vakkert. For dei som lurte så har det vore kaldt i landet denne tida. Mange kuldegrader medfører at vatn frys, og når ein har store mengder vatn i eit vatn så frys det ei islag oppe på dette vatnet. Når det er kaldt nok, lenge nok så blir denne isen tjukk. Svært tjukk. Ca 30 cm. Og da er det i alle fall trygt å raske over isen! Men… når det er kaldt, så kan det også snøe. Så etter eit par dagar på skøyter og slikt så kom snøen også til sørlandet og la igjen eit lite lag på isen. Akkurat nok til at gleda av å gå på skøyter ikkje lenger vart så stor… Men, det er jo andre alternativ også da. Ein kan ta beina til fatt! Så, det gjorde vi. Vi som i eg, Sigrun og Kristin.
- Sigrun og Kristin
- Installasjon på isen
- Hjarte
- Så store er Bjarne
- Spor






Uff. Snø. Men d va fine bilde, d ska du ha. ;)
BJARNE!!! GODT nytt år! Gøye bilder=) Snø, på Sørlandet? Det gikk jeg visst glipp av. Flaks, sier jeg bare. Er du tilbake i Bergen?
CAMILLA!!! TAKK det samme! Takk for det=) Snø, på Sørlandet? Jepp. Trist at du gjekk glippa av det, det seier i alle fall eg. Opnar du vindauget på gløtt og skrik høgt nok ut, så vil eg nok høyre deg godt! I alle fall viss du gjer det om ca 23 min. Når flybussen stopper på busstasjonen:)
Ja, og til deg Narve: johoooo! Johoooo!!! Snø! Snø! Snø! Hadde berre sørlandet hatt meir av denne gleda…. Og bakkar som passa til å tryne nokke så saligt i!
Og takk, takk! Tatt med iPhone veit du;)
Hey! Godt nyttår jamm:) Det øverste bilde var skikkelig kult:) Syns du skal kalle det – BORTRYKKELSE -
Hehe:) Takk, takk! Trenger kanskje ikkje å vere så dramatisk… men ja, kunne sikkert ha vore nokke slikt ja. Tenkte på “fotsporene i sanden”, men då mangla det liksom nokke…
[...] dottane viser publiseringsdato for forskjellige skribleri. Den høge toppen i januar kom frå då Bjarne raska over isen… Kvifor så mykje tid veit eg ikkje. Men ja, kva har så dette å seie? Jo, folk brukar [...]