2008 i bilete: Juli

Juli: Færøyane

Juli 2008 var månaden då ei grense vart brote på bjarnebs.com, aldri før hadde eit så politisk skribleri funne stad her. Men som eg skreiv: «viss ingen andre gjer ein ting, så får ein gjere den sjølv.» Kjære landsmenn vart tittelen på årets nest mest populære skribleri. Ikkje det at dette vil medføre at det blir meir politikk her inne nei… I slutten av juli så vart eg også invitert på tur av fam. Hansen. Turen gjekk til Færøyane og vi var alle einige om at det hadde vore ein gilde tur. Bilete viser ein eller anna stad på Færøyane som eg ikkje hugsar i farta, men det er veit er at der nede i sjøen bada eg og Sigrun ca 30 min seinare. Kaldt? Ja.