2008 i bilete: Februar
Det har blitt februar 2008. Februar var ein dårleg fotografmånad… Lite med bilete frå den månaden, kan det hende det har noko med at Sigrun og eg var i Praha i januar og gadd ikkje å ta fleire bilete? Ja, mogelegt. Så det blir eit aldri så lite mobilbilete i februar. Eit frustrasjonsbilete. Eit nydeleg eksempel på korleis ei butikkhylle ikkje skal sjå ut. JA, bilete er litt sånn butikknerd. Kven i alle dager gidd å legge ut eit bilete av ei nesten tom butikkhylle? – Bjarne så klart! Nerd? Ja, men du verden kor masse ein viss sparbutikk i Bergen har frustrert oss. Den er ei skam for heile kjeda!

Frustrasjon i mitt indre over dette fotografiet!
Hehe:) det kan jo nemnast at det ser ut til at butikken har blitt litt bedre no da… Men likevel: Du verda for ein rotete butikk!
Hørte forresten ingen skrik på søndag… Gaulte du ikkje høgt nok? ;)