Verdas beste adventskalender?

Det er to år sidan sist du kunne lese desse orda her sist gang. Ja, vi må tilbake til desember 2006, og eg spurde om eg ikkje har fått verdas beste adventskalender. Eller, eg konkluderte med at det måtte vere verdas beste adventskalender. Og ingen var uenig med med på det. 2 år har gått, og rett før Sigrun drog heim på juleferie så fekk eg ei ny adventskalender av Sigrun. Ein enda betre ein. Verdas beste adventskalender har altså blitt enda betre! Høyrde vi 24 pepperkakehjarte? Nei…
Her har vi altså 24 pepperkaker forma som eit eple som har blitt tatt ein bit fra:) He? Apple? Neeee… ;) Her snakkar vi om god adventskalender med omtanke i altså!
Nyt synet!

Ja, dei smakar godt også! Viss nokon skulle lure. Berre kom på vitjing tidelig ein morgon så kan det hende du får ein liten smakebit:) For det går ikkje langt på dag før dei ligg trygt i magen min… Til no nr 1,2,3,4 og 5. Berre 19 igjen… Så ja, beklager at nr 1,2,3,4 og 5 ikkje var til stades under fotograferinga…
Det der er mer nerdete enn meg..
Godt du ikkje likestiller deg med pepperkaker da:)
Tipper at Sigrid kanskje kan bake nokken til deg også;) Tipper du også vil ha… Hehe:)
Har fått pepperkaker i posten fra mamma jeg tenk..
Hehe:) heldigrisen!
Dette er jo bare en helt aldeles framragende julekalender :D
Jepp. Eg veit Frode! Aner at du må fram med dine bakekunnskaper og bake litt sjølv? Tenk juletrepynt da! Eller å henge opp i vindauget. Masse meir koselegt enn eit hjarte…
Som Bart ville sagt det; Tror du at du e kul bare fordi du har en kalender med eple? iKalender????
Jepp.
Ja vi e heldige bjarne, som har gode kjæresta som laga kalender til oss…!
Jepp! Gode koneemne:)
[...] det allereie blitt desember 2008. Desember vil seie eksamenstid, og adventstid. Sigrun fiksa til årets mest imponerande adventskalender, og eg fann 36 steinar i ein klemmentin… Bama vart i alle fall imponert. Billettar til [...]