Paradis på jord

2. juledag er skidag. Slik er det berre. 2. juledag skal ein kjøre ski. Så eg og Svein Arild måtte jo berre få oss ein tur ut på ski. Kvar? Vel, er det i røynda eit spørsmål? Strandafjellet så klart – «powder paradise». Ikkje det at det var så fryktelig masse med pudder i dag da, men snø var der i alle fall. Heilt ok med snø, og ok+ snøkvalitet. Litt føyksnø som låg i haugar mellom skarefelt, men likevel vakkert. For, ser vi det på den andre sida, hadde det vore betre tilhøve i bakken så hadde eg nok berre blitt meir skuffa over meg sjølv. He? Skuffa over deg sjølv? Ja, det er slitsamt å køyre ski, og når tida sidan sist tur er alt for lenge så går det ikkje alltid så bra… godt at Svein Arild heller ikkje var i sjukt godt form:)

Ja, eg veit. Det var ikkje dei beste bileta for å vise at dette verkeleg er paradis på jord. I alle fall eit vinterparadis. Men det er det nok heller kamera som har skulda for. Hald utkikk på Svein Arild sin blogg, så kan det hende vi får sjå fleire og betre bilete i nær framtid!

Svein Arild i farta!