Meir steinharde fakta…
og dei som trudde at Bjarne kunne gi seg med berre og akseptere at det var 36 steinar i ein klementin…
Sjølvsagt har eg kontakta Bama for å finne meir ut om dette. Og hjå Bama så møtte hygglige Svanhild med med sine 20 års kunnskap innanfor frukt og grønt! Så kvar skal vi starte med undervisinga?
Jo, først av alt: I Noreg har vi klementiner og ikkje mandariner til jul. Mandariner var noko som var mykje meir vanleg for 20 år sidan. I dag er mandarin ein skjelden sak i Noreg. Men kvifor ikkje mandariner? Jo, fordi dei har eit tynnare skal som er vansklegare og få av i tillegg til at desse skal innehalde steinar. Ja, du tenker rett: Klementiner skal ikkje innehalde steinar. Så når eg forklarte mitt funn på 36 steinar i klementinen min så vart svaret:
“Jeg har aldri hørt om 36 steiner i en klementin før. Nesten morsomt, siden (sant) at klementiner stort sett er steinfrie.”
Mitt funn er ganske unikt altså. Svanhild har jobba med frukt og grønt i over 20 år og aldri oppdaga noko slikt før! Imponerandes altså!
Men ja, tilbake til fakta: Årsaka til at det av og til kjem steinar i klementinar er at bier er utro. Utro? Ja, “utro” – Sitat Svanhild. Og for å sitere litt meir
“Dersom det er steiner i klementinene har biene blåst ut eller fløyet ut av klementinplantasjen og fått med seg pollen fra sitrustrær med stein (mest sannsynelig sitroner.”
Så då veit vi det. Utroskap finnes også blant bier, til frustrasjon for klementietande personar som meg.
Men kva meir kunne Svanhild lære meg. Jo:
- Klementinsortar er krysningar frå forskjellge mandarinsortar og ofte “pomerans” ein bitter appelsinsort
- Sjølv om etterspurnaden etter klementinar er stor no, så kan du vere heilt sikker på at det er “ekte” klementinar du kjøpar i butikken.
- Høgsesong for klementinar er mellom november og februar.
- Den beste sorten heiter Clemenules (står namn på kassa).
- Står det Mandarin, Tangerin eller Satsuma på kassa er mandarinsorter. Du er heldig fordi det er berre desse tre sortane som er ekte mandarinar (Ja, mandarinar finnast enda!).
- Det blir solgt “klementiner” helie året. Dette er ikkje alltid “ekte” klementinar. Det kan gjerne vere forskjellege sortar “småsitrus”.
- Årets Clemenules som er i butikkane no har faktisk ei lite problem med masse stein. Ja, det har vore mange “utro” bier i år!
Det var dagens informasjonsopplysing om klementiner, mandariner og andre sitrusfrukter. Vel bekomen:) Og god førjulstid!

wow, dette e jo spanande!! Altså, ein del av det visste eg frå før…. til dømes kvifor klementinar har stein, og at det er klementinar og ikkje mandarinar me et her i Norge…men no viser det seg altså at ikkje alt er “ekte” klementinar, og at det òg vert seld mandarinar? Det er mykje ein kan finne ut om ein berre ringer Bama.
Likar at du faktisk tek deg tid og ringer og opplysar oss andre:)
Hehe:) ja, ikkje sant? Masse ein kan lære fra Bama altså! Og ja, det er ei sann glede å kunne vere med å opplyse folk om nyttig kvardagskunnskap.
Så det er berre å halde ut. Meir kunnskap om ting du ikkje hadde trudd du hadde behov for å vite vil nok komme! Er det noko DU lurer på?
[...] og utroe bier så fekk eg ein positiv kommentar frå Kristin som synes at det er positiv til at eg opplyser mine lesarar. Så når medstudent og medblondine Birte Linn, kjem med ei heller uoppfordra spørsmål så kan [...]
[...] fiksa til årets mest imponerande adventskalender, og eg fann 36 steinar i ein klemmentin… Bama vart i alle fall imponert. Billettar til Coldplay og TKB kom inn i vokabularet til den vanlege lesar av [...]