Julestemning 2

Ehh.. årsak. Eg trur faktisk at eg har funne ein ny reklamefilm som gir enda betre julestemning eg. Ikkje det at den er ny i år nei, for den kom i fjor, og på den måten så har det nesten blitt ein ny julestemningsreklamefilm, eller i alle fall ein «no er vi ferdig med siste eksamen og no vi vil heim for å nyte juleferien»-reklamefilm.

Å? Kva reklamefilm?

Denne:

Jaja, reklame for NSB. Statsbana som ikkje går særleg snøgt og den går heller ikkje heim der eg vil. Og den går for så vidt berre av og til mellom Bergen og Oslo, viss den vil det. Men for all del ein nydeleg reklamefilm! Til deg som ikkje skjønner alt her, lat meg forklare, i kronologisk rekkefølge:

– Den nisseaktige mannen med raud jakke og passande skjegg + jenta som står framfor: Santa’s Workshop
– Dådyr og kanin på isen: Bambi
– Mannen som snubler i bamsen på golvet: Grevinnen og Hovmesteren
– Dama som sit med ei nøtt i fanget: Tre nøtter til Askepott
– Mannen som ser skoen som dama har mista: Askepott
– NSB-mannen seier «God dag» til treet: Du grønne glitrende tre, god dag
– Golvet blir vaska og ein mann går på utsida med vedsekk: Nå har vi vasket gulvet og vi har båret ved
– Stasjonen heiter Klappeland…: Jeg gikk meg over sjø og land…
– Jada pappa, jada pappa, jada pappa…….: Disney julestemning og Arakuafuglen
– Tre ungar som lagar englar i snøen ved eit (ved)skjul: Engler daler ned i skjul
– Honden som bjeffar på dei to ekorna: Snipp og Snapp + pluto
– Rev på isbana: Reven rasker over isen
– Tre menn på vei inn i ein stall: Dei tre vise menn
– Skog og stjernehimmel: Reisen til Julestjerna

Vel, det var i alle fall det som eg kunne sjå med første augeblikk… Noko som eg gløymde?