Eg og Rick

bilde-2-485x397
Det er ikkje ofte eg tar opp politikk, religion og slikt her inne… Ikkje fordi eg ikkje bryr meg i det heile tatt, men ein blogg skal ikkje berre vere ein politisk ytringsstad. Ein politisk ytringsstad der ein fritt kan kritisere andre fordi ein er sin eigen herre over bloggen og kan skrive det ein sjølv vil. Ja til ytringsfridommen, men av og til får det vere grenser – utan å legge ut nokken spesielle nei…

Men ja, dagens utgave av VG-Nett skriver om at Barack Obama har valgt Rick Warren til å halde bøna for han når han skal innsetjast som president for USA. Og det legg seg ikkje til grunn at enkelte er littegrade missnøgd med at han velg ein såpass konservativ fyr. La meg sittere:

Raser mot Obama- «Han står for konservative verdier og har blant annet gått kraftig ut mot fri abort og at homofile får gifte seg.»

Å nei, han er jo heilt sprø! (og nei, ingen vidare kommentar…)

For dei som ikkje heilt veit kven Rick Warren er, så er han pastoren i Saddleback Curch eit lite stykke utanfor Los Angeles. I Noreg og resten av verda er han som oftast kjent for «Målrettet liv» («Purpose Driven Life), ei bok som eg ikkje har lest, men ei bok som eg kanskje burde ha les.

Sjølv fekk eg møte sjølvaste Rick Warren for snart 3 år sidan i Saddleback Curch. Under Guttar på Tur – USA 2006 var vi ei helg i Saddelback Curch og fekk sjå det heilt sykt store området som kyrkja disponerte. Ja, det var golfbil som tok oss frå parkeringsplassen og til hovedsalen. Nei, det var ikkje fordi den skulle flytte på feite amerikanarar, men fordi det var langt, verkeleg laaaaaanngt og gå frå parkeringsplassen og til hovedsalen. Men ja, møtet med Rick. Hyggeleg fyr, svært hyggeleg fyr. Han berre kom og snakka med oss, ikkje nokke stress liksom. Sjølv om han enda hadde 2 gudstenester igjen den dagen. (Ja, dei har 6-7 like gudstenester i helga for at alle skal få plass. I tillegg så har det mellom 3-6 forskjellege stadar inne på området der gudstenesta blir videooverført til…)

Konservativ? Nja. Radikal? Nja. God person? JA!

Nokre fleire bilete frå Saddleback Curch

Inne i hvoudsalen - Saddleback Church

Fare..

Vegen til hovudsalen i Saddleback Church

Utsikt over deler av kyrkjebyen i Saddleback Church