Frp svarer!

Det tok nesten berre eit halvt år før eg fekk svar frå Frp. Eg var mildt sagt sjokkert da mailen plinga i går og eit svar frå Frp dukka opp. Svar på kva? Jo på Frps gode prosentrekningskunnskap… Eg skreiv eit «lite» skribleri om ei annose til Frp som stod trykt i VG i sommer. Sidan ingen andre tok tak i dette så kunne eg ikkje gjere noko anna enn å skrive: «Kjære landsmenn:» For dei som ikkje har lest dette og har god tid: les. For dei som ikkje har god tid så er sakens kjærne at Frp stolte blindt på VGs reknekunnskap og trykte opp ei svær heilsides annonse om at 8 av 10 er enig med Frp. Da når rekneskapet til VG ikkje var heilt korrekt, merkelig nok, og Frp ikkje sjølv oppdaga at å legge saman eple og pære for så å få bananer ikkje går ann, så vart det heller litt flaut for Frp vil eg nok seie…

Men ja, svaret:

Til Bjarne Bjørkvåg

Takk for henvendelsen! Svaret kommer sent, og det er flaut. Flaut er det også, så vidt jeg kan se, at du har rett. Vi skal være mer nøyaktig i fremtiden. Det er nok vår informasjonsavdeling som har gjort feil her. Beklager dette. Og takk igjen for tilbakemeldingen.

Vennlig hilsen

Jørgen *******
Finanspolitisk rådgiver
Fremskrittspartiets stortingsgruppe

Kva meir skal ein seie? Enn:

  • Godt at dei sjølv synes det er flaut
  • Godt at dei beklagar
  • Godt at dei takker
  • Godt at dei «skal være mer nøyaktig i fremtiden»
  • Godt at det tok dei over eit halvt år på å svare
  • Godt at dei: «så vidt (…) kan se» reknefeil…
  • Godt at dei i det alternative statsbudsjettet ynskjer større satsing på høgare utdanning

Ja, forresten: Er det Frp som har annonsen, så er det Frp som har annonsen og ikkje infoavdelinga. Ein for alle, og alle for ein!

Så ja: Fornøgd med svaret Elisabeth?