bjarnebs.com tilbake…

Nye bjarnebs.com

For dei som har har haldt følge med bjarnebs.com eit par år veit at når aktiviteten blir mindre på bloggen, så skjer det gjerne ting som ein ikkje ser… Oppdateringar held på… eller, i alle fall oppdateringar som andre ikkje ser… Byrja å misslike mitt design på sida allereie i April i år, men har liksom aldri tatt meg tida til å fikse på det. Og så drog berre tida ut, og ut og enda litt til… Men nytt design kom aldri. Og det som du ser no kjem nok heller ikkje til å vere her så lenge, eller det er i alle fall det som er meininga. Skrivekløa vart for stor no, og kreativiteten litt for liten. Derfor oppretta eg berre eit standardtema for sida og vonar at kreativiteten skal auke i takt med at skrivekløa får sitt utløp. Så derfor, bjarnebs.com i litte grade «beta» for ei gitt tid… kor lenge veit ingen.

Men bjarnebs.com er tilbake, og du verda kor glad eg er for det! Eksamenslesing er, og vil alltid bli, eit problem for ehh.. ja.. eit eller anna.