når DN også blir lei…

dn-lei-av-finanskrisen.png
Ja, det måtte bli eit lite skribleri før Bjarne stikk og legg seg. Finanskriser tar på altså! Ikkje det at eg skal gi løysinga på verda sine problem, eller at eg skal gi heite aksjetips eller ja.. alt anna som ein kanskje kunne forvente frå ein stud.NHH. Men ja, syns det er litt morosamt (ja, veit at min humor ikkje akkurat er det mest fascinerande) at DN (altså Dagens Næringsliv) promoterer sitt magasin D2 på denne måten.

Og for den som skulle lure: D2 er som ein forfriskande osae i ein tørr ørken, når magasinet kvar fredag skinner så blankt med sine glaserte ark og estetisk vakre bilete… Nydeleg!