ryddedag

Enkelte dagar blir berre rett og slett ein ryddedag. Ein ryddedag kan dog vere så mangt, men min ryddedag har vore å rydde rommet, vaske klede, rydde bort gamle skuleting, og tenke litt tilbake på sommaren og rydde litt i bilete som blei tatt da… Dokke har sikkert fått med dokke turen til Færøyane og saueklippinga, men sommaren var også meir enn det. Blåbær, villbringebær og eggedosis i ei hærleg blanding er ikkje å forakte:

Å så var det jo sjølvsagt solformørkelsen da:

For dei spesielt interesserte så vart biletet tatt med mitt Canon 350D med min nyinnkjøpte 17-85mm… Metoden som vart nytte var at eg la to heilt vanlege CDar saman for så å halde desse to framfor objektivet. På den måten så vart biletet tatt gjennom cdane, der desse cdane fungerte som eit filter… Det enkle er ofte det beste…
Å så eit bilete av ei grashoppe som gjekk til angrep på meg…

Det var litt meir av sommeren.. Så johoooo! Tilbake til vasking og rydding!
Oooo, dei bæra såg gode ut. Du må berre ta å invitere mej på sånt en gong!;)