28. Klippe ein sau på Færøyane
Det var med stor glede eg fekk vite at eg skulle på tur til Færøyane. Ein av mine 100 ting som skal gjerast var å klippe ein sau på Færøyane. Kvifor klippe sau? Tja, kven veit… Men i alle fall. Klippe sau. Men å klippe sau er jo ikkje berre det, så det må jo liksom avtalast. Så eg tok derfor kontakt med Jaspur for å spørre litt om klipping og slikt. Og som eg frykta: Sauar på Færøyane blir klippa på same tid som i Noreg. Altså på våren, og ikkje på sommeren. Ergo: Nooooooo!!! Gjekk tingen i vasken? Fekk eg ikkje klippa sau på Færøyane?
Jauda! Det gjorde eg veit du! Korleis vart det gjort?
1. Finn ein sau som ikkje har blitt klipt
2. Leit fram din kjære Leatherman
3. Klipp sauen!
Beviset på at nr. 28 er ferdig:
litt i tvil om det der kvalifiserer..
Hmmm… Så du føler at du skal ta ansvar for å kritisere mine mål i livet? Hehe:) jaja, deg om det! Eg er i alle fall stolt!!
Kult..men..
Jeg har klippet en sau «skikkelig» og det er adskillig mer omfattende enn som så:)
Det kan godt være at du har nådd ditt 28. mål i livet, men du kunne sikkert fått mer ut av det:) hehe.
Men det er jo ingenting som tilsier at du ikke kan gjøre det skikkelig en annen gang og oppgradere målet ditt!
jaja..gratulere bjarne…du e god!
Jaja Sveinung… eg veit no om ein som har sløya fisk feil vei også eg ;)
Men ja, for å seie det på ein anna måte: Ein må gjere det beste ut av det ein har! Og er er særsklid stolt over meg sjølv!
Hehe – så sant, så sant:)
Da er vi vel ca like gode da..hehe
Nja.. likeverdige?
Veit no ikkje heilt kva som er verst eg: Klare å klippe ein sau eller det å sløye ein fisk frå ryggsida…
Men, men… vi treng vel ikkje stridast. Eg skal nok klare å overleve, håper du også klarer det:)
[…] klipping av sau – det er gjort! […]