ikkje lenger så usynlig…

deUsynlige

Jaja, eg kom ikkje på ei betre overskrift. Eller vent, eg var litt fornøgd med den der likevel eg. Men ja, kva er det Bjarne plapler om no da. Vel, i dag kjem mine ord frå fortida, tilbake til framtida for å meddele deg noko. Ehh.. OK? Du er med altså? For du som ikkje allereie kjenner igjen biletet over så er det her snakk om filmen deUsynlige av Erik Poppe. Erik Poppe sa du? Ja, Erik Poppe. Kva med han? Jo du har kanskje sett Hawaii, Oslo? Ikkje det heller? Hmm.. vel då har du eit par kvelder som du må planlegge. For ja, du bør, nei vent.. MÅ sjå Hawaii, Oslo. Rett og slett ein nydeleg film. Vakker. Tankefull. Ein film berre Erik Poppe kan fikse.

Men ja, tilbake til framtida: I dag har deUsynlige Norgespremiere. Det vil seie masse stas og slikt. Som sikkert mange har blitt kjend med så er eg litt avhengig av bokklubben, og skal du sei: Bokklubben viser sin glede tilbake. For et par veker sidan fekk eg ein hyggeleg epost frå Bokklubben som laud som dette:

deUsynlige

Sunnmøring + Gratis = Moglegheiter:) Så eg og Sigrun drog på førpremiere 14. september for å sjå filmen. Hadde ikkje hørt om den nokke særleg, eller.. i grunn ikkje i det heile tatt. Viste at det var Erik Poppe som hadde laga den, og det var liksom alt. Faktisk ein bra måte å stikke å sjå film på. Veit liksom ingen ting. For denne filmen skulle ta oss med på ei reise som ein sjeldan har sett. Nei, eg kjem ikkje til å forklare så masse meir om filmen. Den er veldig verdt dei kronene som det kostar og sjå den på kino. For ja: Du må sjå den på kino. Ein ting er Poppes bruk av visuelle verkemiddel som er heilt fantastiske, men musikken. Aaaahhh.. den musikken. Det er ikkje ofte at eit kyrkjeorgel høres betre ut utanfor ei kyrkje enn inne i den. (Ja, det blir spela på kyrkjeorgel) Kan dog ikkje seie meg eining i alle dei meiningane som Poppe kjem med, og det trekk dessverre litt ned. Så det er ikkje bra, men klarer ein å sjå bort frå det: Du verda for ein film. Du verda for ein fortelljarhistorie. Du verda for filmteknikk. Du verda for musikken. Du verda for ja… ein film. For nei, filmen vil nok ikkje forsvinne ut i det usynlige. (Berre for å få til ein fantastisk bra overskriftstittelklisje som berre VG kunne ha fått til… og meg også da…)

Trailer sa du? Nja.. veit ikkje heilt om eg vil vise deg den. For det er ein Erik Poppe film. Du vil ikkje vite meir enn kva du treng før du ser filmen. For elles så vil du berre… :)