Sumar på utflukt…

Solevåg
Jepp, sumaren (sommeren) er snart over, og livet er snart på veg tilbake i sine faste baner. Eller nokke slikt… Kjekt å vere heime, men det er også veldig kjekt å vere i Bergen også! Men sjølv om sumaren snart er over, så er det faktisk ikkje før dei siste dagane eg har fått skikkeleg sumarkjensle. Kvifor? Jo, maling. Ikkje sånn male på lerret og sette på ramme og henge opp på veggen… men male hus, vegger, golv og tak. Stas. Ikkje det at det er verdast kjekkaste ting, men det er liksom sumar. Det er akk så mange sumrar så har gått forbi, med malerkosten i handa og malingsflekker på hendene.

Så den siste veka har eg vist mine maskuline sider med oransje oljebukser på, og høgtrykkspylaren i handa. Først må det vaskast ned veit du. Kraftvask frå Jotun er tingen. Så må veggen få tørke litt og så kan ein male. Aaaa… dufta av nyblanda maling. Den herlege kjensla av oljemaling som slår i mot deg når ein dråpe maling så lett treffer deg mitt i trynet. Vakkert.

Men ja, tak også har eg mala… eller ikkje sjølve taket da. Men bjelkane som held oppe taket. Stor jernbjelker som skal malast i lys grå farge. Stas. For då får ein kjøre truck. Stigen er ikkje lang nok, og det er heller ikkje så enkelt å få ein stige til å stå rett opp i lufta frå flat bakke. Truck-kjøring er gøy! Det som er enda meir gøy er at slike tak som dette er laga av mange ståplater. Stålplater som blir spikra/skrudd saman av store og lange ting. Alt for lange ting. Så desse tinga går gjennom alle laga med tak som er lagt. Jepp, det vil seie at spikrar står rett ut i lause lufta. Men det er jo ikkje farlig… taket er jo mange meter opp i lufta. Ingen slår seg i ei. Nja… for av og til er det enkelte personar som må opp å male ting som held desse platene oppe. Og då kjem ein ganske nært desse tinga som stikk ned. Men så lenge eg veit om dei og passer seg så går det så bra så. Akkurat no kjenner eg at det er litt dumt at eg ikkje klarde begge tinga… Men det positive er at viss dei om eit par mill av år skulle finne på å klone eit forhistorisk menneske så ligg mitt dna godt bevart på ein spiss ting som stigg ned frå taket. Godt bevart frå ver og vind av lysegrå maling… Bilde? Nja… Veit at sarte sjeler er inne og leser her.. så det blir nok ikkje med det første. Derfor er det heller betre med eit harmonisk bilete frå Solevågen. (Altså heime ja)