Min heimstad

Trollhaugen

Det er vel på tide å få skreve noko her igjen, og når ein er heime så blir det ofte skreve litt om heimen. Altså om kor vakkert det er heime, då spesielt her på Sunnmøre altså! For ja, det er nydelegt her altså! For dei fascinerte, så jobbar eg for tida. Ja, det var vel alt. Går liksom stort sett i jobbing og slikt… men når vi snakkar og kor vakkert det er her oppe. Og det faktum at eg av og til har fri, og at eg har ein heller større interesse for panoramabilete, så klarer ein jo å kombinere dette her litt altså. Eg tar dykk derfor med opp på Trollhaugen. Ja Trollhaugen her heime på Sunnmøre, (som eg tidlegare har forklart) og ynskjer å vise dykk litt om kor vakkert det er her. Eit bilete kan sjølvsagt ikkje seie alt, men det kan forklare ein del. Ved å bruke panoramabilete så synes i alle fall eg at du får litt betre kjensle av korleis ting er.

Trollhaugen - Panorama

For den spesielt interesserte så blei bileta til panoramabiletet tatt på søndag (den 6. juli), der er i alt 309 bilete som har blitt sett saman. Denne samansetjinga av biletet var det AutopanoPro som stod for. Grunnen til dette programvalet var at det egnar seg svært godt når det er snakk om store panorama. For ja, det er eit stort bilete. Dei 309 bileta etter samansetjing gir eit bilete med ei oppløysing på 71499×5149 = 368,148351 megapixel (ca 0,4 gigapixel ja) som før litt komperimering tok 2 gb hardiskplass. For nerda der ute så veit ein at jpeg-formatet ikkje støttar meir enn 64000 pixel i ei retning. Det vil seie at biletet var for stort for det. Ein må derfor nytte Photoshop sitt psd-format som støttar store bilete. Sjølve samansetninga tok i overkant av eit døgn. Presenteringa av biletet under i det hendige formatet er det Zoomify som står for. Dei fikser god presentering av slike panoramabilete. Jepp, du kan zoome innover på biletet ja. Når det gjeld sjølve biletet så har eg sett betre bilete. Å ta bilete mot sola er ikkje alltid så bra, så eg tar på meg det negative faktum. Men sidan det var den retninga eg ville ta bilete, og eg ikkje har nokon solblendar vart det slik denne gangen. Men kven veit kva framtida vil bringe… Eg synes det i alle fall er gøy med slike bilete, og du skal ikkje sjå bort i frå at om ei stund så finn du eit bilete som rundar gigapixelen, altså 1000 megapixel.

-Men kan vi få dette bilete i litt større format? >Ja, det kan du her.
-Kan eg få sjå det i enda større format? JA! Sjølvsagt! Relativt stort format her ja!