Kjære landsmenn:
Ein klok, og sikkert kjend mann (eller dame) sa ein gang i tida at viss ingen andre gjer ein ting, så får ein gjere den sjølv. (Eller nokke i den dur…) Om dette faktisk var eit reelt utsegn eller ikkje, det veit eg svært lite om, men kloke ord vil eg no seie at det var. Så når ingen andre har gjort dette til no, så er ser eg ikkje noko anna val enn at eg faktisk må skrive om dette her. Det er eit vanskeleg val også, for dette skribleriet vil innehalde politikk. Altså sånn Stortingspolitikk, og det er det ikkje ofte eg må ty til.
Vi må tilbake til 22. Mai 2008, VGjournalistane Lene Christensen, Andreas Arnseth og Stella Bugge publiserer denne artikkelen her om at: 8 av 10 nordmenn krever priskutt. Med følgjande ingress: “Nå er diesel dyrere enn bensin, 13 – 14 kroner per liter for bensinen får Norge til å rase. ” Bak denne påstanden om at ca 80 prosent av nordmenn begynner å rase er grunngjeven med to undersøkingar. Lat meg sitere:
“66,3 prosent av norske kvinner og menn mener at tiden nå er inne for å kutte i drivstoffavgiftene, for å stoppe prisgaloppen.
11,4 prosent mener bilavgiftene må reduseres viser en undersøkelse er gjort av InFact på oppdrag fra VG.
Dermed krever nær åtte av ti nordmenn at det nå er på tide med priskutt.”
Berre for å ta det ein gang til ja. Her har vi altså to forskjellege undersøkingar, der den eine seie at 66,3% syns drivstoffavgiftene er for høge og 11,4% meinar att bilavgiftene er for høge. Til saman vil dette seie ca 80%, eller 8 av 10, kreve priskutt etter VG si prosentrekning…
Dette reknestykket får eg ikkje heilt til å stemme. Statistikkrekning var aldri min store sak, men å legge saman to undersøkingar på ein slik måte, altså at 66,3% + 11,4% = 77,7% og dermed få tilnærma lik 8 av 10, går vel ikkje heilt ann…? Eg tok derfor kontakt med Jan Ubøe ved institutt for føretaksøkonomi ved NHH og spurde han om ein kommentar til denne saken. I eit svar til meg skreiv han følgjande:
“VGs prosentregning forutsetter at ingen av de som vil kutte i drivstoffavgiftene ønsker å redusere bilavgiftene.
Det ville isåfall være en oppsiktsvekkende nyhet, men virker svært lite sannsynlig! En vil vel heller regne at de aller fleste som ønsker å redusere bilavgiftene også ønsker å kutte i drivstoffavgiftene.”
Det var altså nokke som ikkje heilt var bra her altså. Som den nysgjerrige personen som eg er så måtte eg jo forske meir på dette. Eit lite søk på google viste vegen fram mot denne artikkelen på E24. Jepp, det er altså same artikkelen som stod på VGnett. (For dei som lurte, så er E24 i hovudsak berre VG sin kopi av Dagens Næringsliv, der dei av og til skriv sine eigne artiklar…) Sjølv om det er akkurat same artikkelen, så fann eg ei lita kommentarboks på høgre side der det var fleire kommentarar. Petter, kom med ein av kommentarane (ja, vanskeleg å sette direktelenke til kommentaren, men du finn kommentarboksa på høgre side i artikkelen) til denne saka og har også kommentert litt rundt dette reknestykket:
“Dette var ett tullete regnestykke. Kan ikke plusse sammen epler og pærer for så og lese svaret i bananer. Prosent regning er ikke lett, men dette ble flaut. Jeg ville ikke bli veldig overasket om de 11,4% som vil ha lavere bil avgift også vil ha lavere drivstoffavgift.. I så tillfelle er det jo bare 66,3% som krever lavere drivstoffavgifter.”
Altså den same konklusjonen til Jan Ubøe, berre forklart på litt anna og mindre matematisk måte. Det kjem altså ikkje som noko sjokk at det er feil i VG sine artiklar. Eg tok derfor kontakt med Lene Christensen som var ein av journalistane og forklarte denne feilen. Som svar skreiv ho:
“Det er flott med årvåkne lesere som følger med! :)”
Positiv med at VG sine journalistar svarer, og svarer fort på slike kommentarar. Eit naturleg oppfølgjingsspørsmål var då om artikkelen kom til å bli endra når lesarar kommenterer slike feil. Lene skreiv så:
“De blir stående slik de er, vi pleier ikke endre på saker på som ligger i arkivet. Men det er godt du sier fra, så blir vi mer oppmerksomme til neste gang! “
For den overvakne lesar så fekk dykk kanskje med dykk at artikkelen vart skreve den 22. Mai, og det er derfor naturleg at ein avisartikkel har godt i arkivet. Så det er forståleg… Men så kvifor gikk Bjarne å grave så mykje i arkivet til VG?
Jo, det er ei anna utgåve av papirutgåva til VG som tok meg tilbake i tid? Kvifor? Jo, denne annonsen frå Fremskrittspartiet Stortingsgruppe som du kan sjå under: “8 av 10 er enig med Frp”
Allereie no så har du nok fått ein liten tanke i hovudet. Men lat meg no først få seie noko meir: Vi ser litt meir på sjølve hovudoverskriftene:
Det første eg vil at du skal legge merke til er stjerna som du ser bak overskrifta. Stjernemerking er ein fin ting og du finn som oftast nederst på sida ei djupare forklaring med mindre skrift. Og ja, ei slik forklaring som dette fann du nettopp nederst på denne sida:
Som dykk kan sjå så er det er god referering til VG den 22. Mai 2008, der dei også har fått tatt med rein avskrift frå VG sin artikkel. Så då veit vi i alle fall kva Fremskrittspartiets Stortingsgruppe legg til grunn når dei lager annonsane sine.
Då er det på tide med kommentering.
For det første, viss ein ser på sjølve overskrifta til annonsen så blir det snakka om bensin- og dieselprisar. For dei som les sitatet over frå VGnett eller det som står trykt i den stjernemerka tilleggsteksten så ser dykk at det er snakk om drivstoffavgifter og bilavgifter. Pr. definisjon så er vel drivstoff både diesel og bensin og det skulle dermed vere 66,3% som er einig med Frp. Bilavgiftene som var med på å danne grunnlaget for 8 av 10 kjem ikkje så godt fram nei…
Så… lat oss gå vidare til reknestykket til VG som ville ha vore ei “oppsiktsvekkende nyhet”, som “virker svært lite sannsynlig.” Ein ting er at journalistar i VG kan skrive feil i artiklar, og at ein sjølvsagt burde ein kunne stole på ei avis, men ja.. det er tross alt VG. Så, når det er Frp si Stortingsgruppe, altså personar som har kome seg inn på Stortinget og faktisk er med på å bestemme det som skjer i landet vårt, så burde ein vel kunne ha kravd litt meir. Desse personane er faktisk med på å forvalte vår nasjonalformue og når ei slik lite reknestykket som dette ikkje blir stilt spørsmål rundt når Stortingsgruppa til Frp diskuterer utforminga av annonsen som dei må stå god for så byrjar eg og tvile litt på kva i alle dagar denne Stortingsgruppa kan.
Men… det som også er litt skremmande er at denne annonsen stod først på trykk no i juli. Det vil seie at Frp si Stortingsgruppe har hatt godt over ein månad til å tenke over denne annonsen her. Altså dei kunne ha rekna på dette stykket ganske mange gongar for å finne ut om det faktisk stemmer før dei valde å lage annonse av det. Eller faktisk berre lest kommentaren til Petter på E24 slik at dei i alle fall fekk ein liten idé om at her var noko galt. For heile annonsen bygger seg opp rundt dette litle reknestykket. “8 av 10 er einig med Frp.” Så det vil dermed seie at Frp si Stortingsgruppe blindt stoler på VG sine journalistar, eller at dei ikkje skjekker opp bruk av kjelder og kontrollerer at dei faktisk stemmer. Noko som i dette tilfellet hadde vore svært enkelt.
Så kan vi gå vidare til det faktum at annonser i VG kostar pengar. Ei heilsides annonse på side 11, slik som denne annonse stod trykt, og med fargar har ei oppgitt listepris på kr 297.000! (Den fulle prislista for annonser i VG finn du her). Det er nok naturleg å tru at Frp faktisk ikkje betalte akkurat denne summen da det er normalt med rabattar og slikt for annonse. Men likevel, og betale fleire hundretusen på ei annonse der ein har feil konklusjon basert på dårleg kjeldeskjekking eller dårleg kunnskap gjer ikkje saka noko betre.
Er det jammen tid ikkje godt at Frp er det største, altså mest populære partiet for tida? Ja, viss du ikkje har fått det med det så har faktisk Frp nådd toppen på partibarometera no i juli, same tid som denne annonsen stod trykt i VG. Du kan lese meir om dette i:
Aftenbladet
VG
Kommunal rapport
… og mange fleire.. sjekk Google
Når eg først har kontakt både NHH-professorer og journalistar i VG så er det jo logisk å ta kontakt med Frp for å få ein liten kommentar på kva deira synspunkt om denne saka er. Så sjølvsagt tok eg kontakt med Frp si Stortingsgruppe. Men har eg fått noko svar? Nei… Det verkar som dei merkeleg nok ikkje har lyst til å svare. Ja, eg veit at det er sommar og politikarar også likar sommarferie. Men når Frp svever så høgt i skyene så burde dei vel klare å bemanne sitt Stortingsgruppekontor også?
Så ja, føler du at bensinprispartiet fortener rolla som Noregs største parti?



hum… hadde det hvert mulig å fått en kortere versjon??
Helt fantastisk. Helt fantastisk. Den her tror jeg er fin å bruke i neste skolevalgkamp.. og for å si det som **** (Red. fjerning av politisk reklame)
eit godt stykke undersøkjande journalistikk, bra jobba:)
Nja, Svein… det er mogeleg. Får sjå, men heile teksten bør lesast.
Helge, takker og bukker. Men FyFy! Forsøk på politisk reklame eller? ØHSJ! Ikkje utan avtale du ;)
og takker Nils Ingar. Har gått med litt tid også ja.. så kjekt å få hyggeleg tilbakemelding.
Tragisk mattematikk… tragisk av VG å ikke fikse på feilen de har gjort, og tragisk av FrP å ikke dobbeltsjekke…
Når du spør om frp fortjener rollen som Norges største parti bør jo det definitivt ikke måles opp mot denne kampanjen spør du meg..Det er tross alt mer til politikken enn dette..og ja – jeg syns faktisk de snart bør få prøve seg. De er størst om vi vil eller ei. Det er slik demokratiet fungerer.
Det er ikke akkurat så mange av de andre partiene i dette landet som er så mye bedre heller…
Godt du har dine meiningar Sveinung. Om eg støttar dei eller ikkje det ja, kven veit… i frykt for at bloggen skal bli overfylt av politisk propaganda og slikt, så lar eg vere å kommentere så masse meir. Ta deg heller ein tur ned bakken når vi kjem tilbake til Bergen, så skal du nok få diskutert litt meir viss du ønske:)
greit da leste e heile greia…og det e godt jobba…men la me da få stille ett spm…vil vi ha frp som stola blindt på vg sine journalista…eller vil vi ha ape-gjengen som vil avkristne norge…presse ut dei prestane som vil beholde bibelens lære!..og bestemme ka vi kristne skal tro og meine…visst ingen av dei…ken da? men la nå oss se realistisk på det heile…der e bare to side som stor i norge…ap og den gjengen og frp! Ken bør få makta?
hmmmm…. Når til og med Svein Arild også kjem med politiske utspel, så bør eg kanskje gi lov til å diskutere litt likevel da…
Først så vil eg berre seie at d ikkje skulle vere ein stor politisk debatt dette her, men d va heller d fakutm at eit norsk parti kjører så hardt ut med annonser uten å faktisk sjekke opp ting om det stemmer. Og det er rett og slett for dårlegt for eit stortingsparti.
For å ta d me VG sine journalistar. En ting e at viss det stola blindt på VGs journalistar. Ein anna ting vil vere at Frp faktisk veit at d e galt, men dei går ut ifrå at velgarane sine er så dumme at dei faktisk ikkje ser denne feilen her, eller at dei veit at ingen gidd å bry seg så masse at d spiller nokke rolle. Viss dette er faktum, at Frp visste at d va galt reknestykke, men gjorde det likevel, så er det faktisk enda verre frå Frp si side…
Men ja, d er nyanser Svein Arild. Ikkje berre 2 grupper. D tippa eg også Helge vil svare no når han får lov til å skrive litt… viss han tørr da. Men d ekje til å stikke under en stol at i løpet av den siste stortingstida så har d skjedd alt for masse galt. Då spesielt med eksteskapsloven vil no eg seie. OG viss den sitjane regjeringa held fram så kan no ein lure på kva som kjem til å skje. På tide at stat og kyrkje kanskje blir splitta ja… Kong Carl gjorde eit heidundrande forsøk på å kome seg inn i den kristen gjengen å ta vekk velgarar frå Krf ved å stille opp som talar på fleire kristne møte. Dog få av dei i NLM, men heller visse menigheter i Bergen… Han gjekk i alle fall ut å sa sin stønad. Siv Jensen har vel kanskje ikkje lagt seg heilt på same profil? Så er det berre frå tidlegare tider at Frp sin stønad til dei kristen som ligg til grunne, eller er det faktisk enda eit faktum dette her?
For å gå vidare, å sjå dette her frå ei litt anna side. Kven er det som stemmer Frp?
Google er din venn: hvem stemmer frp
- “Sjefer stemmer ikke Frp”
- “Er de 30 prosentene som stemmer Frp idioter?”
- “smågründere, arbeidere og mellomledere i privat sektor med lite utdanning og lite til middels penger”
- “Jeg stemmer FRP fordi jeg er møkkalei å bli styrt av de RødGrønne!”
ja… d va min litle kommentar. Fyr laus!
Å så til deg da Sveinung…
Det er jo klart at ein ikkje bør måle Frp berre opp mot denne tingen her. Men ser du ut i media den siste tida så er Frp ikkje så mykje meir enn eit bensinparti. I tillegg så veit du også at Frp alltid kjem ut å gir ein kommentar om kor forferdeleg landet er, og at dei skal gjere det betre straks du ser ei “sjokkerande” nyhende som går på tv om kor felt dei har det, dei som er pleietrengande. Altså litt sånn at media seier at noko er galt, så kjem Frp inn og seier dette skal vi fikse. Slik går det ikkje ann å gjerne når ein sitter i regjering. Ein kan ikkje alltid følgje media. Ein ting er at viss media kommenterar noko så har det allereie skjedd, og då er det forseint.
Ein anna ting er at ein må prioritere i dette landet. Ein kan ikkje få gjort alt på ein gang. Derfor vil det, beklagelegvis, oppstå situasjonar som ikkje burde vere der. Slik vil det vere for alle parti. Det er rett og slett ikkje til å unngå. Derfor vil heller ikkje Frp klare alt det som dei lover. Rett og slett fordi det ikkje går ann å gjere alt som dei seier på så kort tid.
Men likevel: Det er bra at eit parti har sine meiningar, og ikkje berre står der dumt å ser på kva som skjer.
Okey..
Jeg er uenig at det bare er et bensinparti. Det er sludder og pølsevev.
Les partiprogrammet på frp.no:) Det er mye mer enn det.
Men la meg ta en kjapp oppsummering over norges partier, og hvordan jeg tenker i forhold til kommende valg.
AP – sosialistisk og dermed uaktuelt – har dessuten vist hvor dårlige og ukristelige de er.
SV – sosialistisk/kommunistisk/Leninhøyden/HF-parti – uaktuelle
SP- mistet sin seriøsitet ved å inngå regjering med AP og SV, og har dessuten gått fra å være et bondeparti til et Osloparti. Uaktuelt
V – Lars Sponheim er jo grunn nok til å ikke stemme Venstre. Dessuten umuliggjør de en borgerlig regjering.
KrF – Ja, det er jo det, H og FrP det står mellom spør du meg, men KrF har ikke akkurat vist at de har baller de siste årene. De er for svake når det kommer til stykket. Ta for eksempel Israelsspørsmålet. Dessuten har de det svenske og danske “krf” som sine idealpartier og har sagt de ønsker å bli som dem. Det innebærer fjerning av alt som eksplisitt har med kristendommen å gjøre fra sitt partiprogram, Da sitter vi igjen med et miniparti uten mål og mening, som ikke ønsker å bidra til å løse regjeringskrisa vi er i og som heller vil samarbeide med Ap enn med FrP, og da har vi et problem spør du meg.
H – jeg er svært uenig i mye av deres verdipolitikk, men det er jo de som har peiling på økonomi. Dessuten er de skikkelig borgerlige. Det liker vi;)
FrP – Ja, FrP har vi jo snakket mye om, og jeg synes som sagt at vi bør gi dem en sjanse, men da selvsagt i et samarbeid med H som kan styre de økonomisk sett.
Jeg mener vi MÅ få en ny regjering – og det må jo rett og slett da bli H og FrP – og kanskje KrF. Venstre kommer jo ikke til å komme slentrende i grevens tid. Spørsmålet er da om vi skal tørre å stemme KrF når de er så vinglete at vi plutselig kan ende om med en sosialistisk AP-SP-KrF – koalisjon? Jeg tør ikke. Viss de ikke da lover å samarbeide med FrP og H…
(Dessuten syns jeg ikke det er så sjokkerende at FrP vrir på en undersøkelse til sin fordel. Når kunne du sist stole blindt på en reklame? Alle andre partier ville gjort det samme – skaffer det velgere helliger målet middelet. Det er jeg sikker på de andre partiene også mener – selv om de aldri hadde innrømmet det!)
Oi!
Dette va så langt at jeg ikke orker å lese det… men sikkert veldi interessant=)
Kommentarene også…
hahaha, veldig bra Bjarne!
Frp er bare glade for at de kan finne ferdig “statistikk” slik at de slipper å regne selv:)
Og kommentar til “sveinungen”, Lars Sponheim er grunn nok til å STEMME venstre!
Hahaha, herlig Bjarne! Og som mellomste Gårdsvoll så fint påpekte;
Sponheim er grunn nok til å stemme venstre!
Hehe:) takker og bukker Vidar og Trond. Har forresten enda ikkje fått nokke svar frå Frp. Kanskje på tide å sende eit brev? O
g til Camilla: Du burde ta deg tid til å lese:)
Oj, det her var spennende!!
Det er høyst uvanlig at FrP ikke har svart deg, de har faktisk en vanvittig bra policy på å svare på alle henvendelser og ta alle på alvor (en viktig del av strategien for å blir norges største parti). Men de er tydeligvis ikke så glad i den typen (intelligente!) henvendelser…
Du kan forresten prøve å sende spørsmålet direkte til Siv Jensen!
Hehe:) e-posten som eg sendte gjekk til postmotaket til Frp på Stortinget. Altså den adressa som står oppgitt på Siv. Kunne sikkert testa siv.jensen@frp.no om den fungerer, men ja…
Eg sendte i alle fall ein ny e-post no til frp@frp.no så får ein sjå kva svar eg får. Slapp av, eg skal halde dykk oppdatert!
konge innlegg. sier vel litt om mattekunnskapene til frp-erne som laget reklamen også…
[...] Men som eg skreiv: “viss ingen andre gjer ein ting, så får ein gjere den sjølv.” Kjære landsmenn vart tittelen på årets nest mest populære skribleri. Ikkje det at dette vil medføre at det blir [...]
[...] kjære landsmenn – det stemmer. Lær dykk å rekne VG og Frp!!! [...]
[...] utover ehhh.. ingenting. Eller, for så vidt alt som har med tal å gjere. Vi hugsar vel denne saka her? – FRP… Treng vel ikkje meir kommentar enn det – Facebook? Nei.. vi bryr oss ikkje om [...]
[...] sommer. Sidan ingen andre tok tak i dette så kunne eg ikkje gjere noko anna enn å skrive: “Kjære landsmenn:” For dei som ikkje har lest dette og har god tid: les. For dei som ikkje har god tid så er [...]