Vi skal ikkje sova bort sumarnatta…

Vel, det er da herved bevist at for masse kaffi (les ca. 1 liter) for seint på kvelden medfører at ein ikkje søv så frykteleg godt om natta. I alle fall for meg… Men kvifor skal ein søva? Søvn er jo ein litt rar ting igrun…
Men kva med bilete?
Jo, når ein ikkje søv så får ein jo med seg spanande ting. Som at ei drosje kræsja med bilen til naboen kl 03.50 i natt. Spanande? Ja. Sjølv om eg befinner meg 4 etasjer over bakkenivå så høyrde eg godt både lyden av smadring av bil og ei lettare gloseundervising frå sjåføren. Så ja, kjære nabo, viss lappen på ruta ikkje inneheld så mykje meir enn berre tull så kan du kontakte Bergen Taxi og spør kva R-7X3 (der X=fem) gjorde på i natt.
For dei som ynskje å synge songen:
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra isaman ute,
|: under dei lauvtunge tre. :|
Då skal vi vandra isaman ute,
der blomar igraset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
|: som kruser med dogg vårt hår. :|
Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng,
men vandra i lag underbleikblå himlen
|: til fuglane lyfter veng. :|
Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera isaman
|: like til morgongry. :|
Av Aslaug Låstad Lygre.
Lurer på korles det hadde vært hvis me skulle vært våkne hele tiden og ikje trengte søvn. Hadde fått med oss mykje meir og kunne gjort utrolig mykje meir. Kunne f.eks ferdig med utdannelsen på 1 1/2 år.
Ja deg gjelder å ikje sove bort sumarnata, ho er for ljos til det
hehe:) ja, du får snakke med UiB, HiB og slikt om at dei kan innføre nattforelesninger… tipper det blir ein stor sukkse!
[...] vi skal ikkje sova bort sumarnatta – taxi som kræsja ja.. [...]