Fotograf Sunde…

morgon på bildøy
Det er alltids stas å få sjå sine eige bilete på trykk ein plass. For dei som er innom her av og til så veit dokke kanskje at eg vart kontakta av ein professor i Danmark, og vips: Framsida til Constituting Communities var mi. Det var gøy!

Så kva med bilete over?

Jo, dagens oppskrift på korleis få eit bilete på trykk:

1. Gå på Bibelskulen, gjerne Bildøy ja.
2. Stå opp ein tideleg morgon og ta eit bilete av skulebygget
3. La bilete ligge igjen på ei maskin som tilhøyre skulen
4. Vent eit år eller to
5. Finn tak i ein katalog til skulen som du gjekk på
6. Slå opp på side 4 og 5 i katalogen
7. Oppdag at der er bilete ditt
8. Oppdag at biletet ditt har blitt endra på
9. Oppdag at ingen har spurt deg om å bruke bilete
10. Oppdag at der står ingen ting om at det er du som har tatt bilete
11. Oppdag at du blir ein smule frustrert og ein liten tanke irritert over at ein skule som faktisk har ei medialinje og som lærer om bruk av kildevisingar og rettigheiter på bilete og slik, ikkje sjølv klarer å oppfylle det som dei lærer om. Hmmm…

Jaja, men stas er det likevel. Under er det eit bilete frå (som er tatt av meg ja) av Bibelskulen Bildøy-katalogen som vart laga for ei stund tilbake. Og som vi ser: Mitt kjære bilete som eg har tatt, beskjært, endra på farga, snudd og vendt… alt utan at eg fekk sagt eit ord…
bildoykatalog-liten.jpg
Design og slikt er laga av Ole-Jacob som du finn på IMF-kontoret og Amund frå Bildøy Bibelskule har skreve teksten… (Berre for å vere på den sikre sida slik at dykk ikkje klager på meg)