Søvn er ein rar ting

Søvn er ein rar ting.
Kvar kveld så legg du deg ned på ei samansett oppsamling av skumgummig og metallfjører. Så trekk du ein haug med fjør eller anna syntetisk materiale over deg og lukker augene… I løpet av eit par timar så blir dine biologiske batteri blir lada opp og du er klar for ein ny dag. Lukker du derimot ikkje augene så blir batteria tappa. Du røyser deg opp frå oppsamlinga av masse material og er langt frå klar for ein ny dag… Det er berre ein mikroskopisk muskelsanstrengelse som står mellom at kroppen blir opplada eller fullstendig uttømd av energi. Dei gangane du ikkje vil søve, så søvna du utan at du klarer å kontrollere det. Og dei gangane du verkeleg vil søve, så får du ikkje… til meir du ynskjer å søve, til vansklegare blir det.

Søvn er ein rar ting det altså… men du verda kor eg elsker det!