kunsten å bruke pengar…

Bokklubben
Det er snart eit halvt år sidan (tida går fort!) eg oppdaga at Bokklubben er min ven, og at eg nok var «addicted to» Bokklubben.

For dei som ikkje hugsa saka:
Bokklubben ville ha nye medlemma og gav ut gåvekort på 1.000kr når du meldte deg inn i ein bokklubb. Bokklubben har 14 bokklubbar. Bjarne tenker 14 x 1.000kr… hmmm.. Går det ann? Ja, det gjorde det. I august og septemer stod det ingen ting om at ikkje kunne melde seg inn i mange bokklubbar for så å få mange gåvekort. Så sjølvsagt gjorde eg det. No, eit halvår etterpå, mange julegåvekjøp, Seinfeldsesongar og ikkje minst pesumbøker seinare, så har eg fortsatt over 2.000kr i gåvekort som må brukast opp i dag. Så ja, nokken som har gode tips om kva ein skal kjøpe seg inne på bokklubben.no?

For dei som ikkje har hatt kjennskap til denne gåvekorttingen.
Bokklubben framleis ei slik kampanje. Men, reglane er endra, så no gjeld det berre for ein klubb av gangen og det er berre 750kr og det gjeld berre for utvalde bokklubbar. Men skulle det likevel freiste, så er det berre å bli medlem. Bokklubbane som gir gåvekort er:

Dagens ønske: Tips til kva ein kan bruke 2.000kr på
Dagens tips: Meld deg inn i Bokklubben å få gåvekort!

Oppdatering: Nei skulle ein ha sett! Hanna Marie har også akkurat same problemet: Overskot av gåvekort! Eller… Hanna Marie har ikkje eit problem med kva ho skal velje… Hanna Marie las 96 bøker i fjor. Hanna Marie elsker bøker. Det gjer ikkje Bjarne.