dei små tinga…
Ja, det er ei reklame for Kvikk Lunsj. Ja, eg tipper at du har sett den før. Og ja, eg har akkurat dei same kjenslene som du har. Vi elsker alle Noreg. Det er nydelegt her. Kvikk Lunsj er godt. Nasjonalromantikken blomstrar og vi er alle glade i DNT (Forresten, jammen godt at Kvikk Lunsj er turpartner til DNT “Kvikk Lunsj – selvskreven turkamerat under alle vær- og føreforhold”)
- Men he? Kvifor skriv du om dette? Den reklama er jo gamal, vi har alle sett den og vi lengtar sårt ut i naturen når vi ser den.
Glad du lurte! For det har seg slik at eg er opptatt av dei små tinga i livet. I alle fall ganske ofte. Dei små tinga som gjer kvardagen rett og slett litt bedre. Det kan vere ei melding frå min kjære. Eit smil frå ein ukjend på gata. Ein hyggeleg prat med den gamle dama på bussen. Lukta av nytrakta kaffi på ein grå dag eller lette snøfnugg som sakte fell ned frå himmelen. Små ting som gjer livet godt å leve.
- Så reklama gjer det godt å leve?
Nei. Ikkje akkurat berre den, sjølv om den gjer det litt godt i sjela. Men det å oppdage at sangen i Kvikk Lunsj-reklama heite “Safe Travels” (logisk nok ja) og er spela av Peter and the Wolf – akkurat som i eit eventyr: Peter og ulven. Norsk nasjonalromantikk på det høgaste. (Trur ikkje eit eventyr heite Peter og ulven, men det kunne fort ha gjort det!) For så å oppdage at sangen (naturlegvis) ligg ute på iTunes Store akkurat her.
Nydelegt? Ja. Ein god start på morgonen.
Ein av dei små tinga…
Ja, du er litt seint ute. Og hadde du til og med vært på facebook kunne du blitt med i “vi som synes kvikk lunsj reklamen burde vunnet gullfisken” gruppa som jeg og Sigrid laget.
men.. d va jo ikkje sjølve reklama som var tingen da.. d va jo musikken.. ;)
men joda, bra reklamefilm også.
Eg vil på fjellet!!! Her er det berre flatt, kaldt og by. Og eg kan ikkje hugse eg nokon gong har sett den reklama før… Seriøst. Eg ser visst ikkje så mykje på tv.
Stakkas Linda :(
At du ikkje har sett reklama har var kanskje litt me at du ikkje bor i Norge for tida? Eller har du kanskje norske kanalar der borte også?
Mmm Peter og Ulven e faktisk et russisk eventyr. Men min kjærlighet for Norge e ubeskrivelig, så hyllhyllhyll til vårt kjære fedreland å verdens beste tursjokkis.
Åja, går den på tv no? Då e det jo ikkje så rart. Nei, ej ser nok ikkje nokke på norsk tv når ej e her.
Nei.. den gikk i haust og tidlegare i år… men når du var i USA ja. Så viss du ikkje he norsk tv der borte, så he du nok ikkje sett det…. snufs snufs. :(