dei små tinga… 2

Blå himmel i Bergen
– He?

Jepp, det er det du tenker.

– Eit takvindauge og noko blått i bakgrunnen?
– Ehhh.. Ok? Kva er det?

Jo, det er nok ein ting av dei små tinga som gjer dagen ein betre dag.

– Jaha? Og dette er da…?

Eg vakna opp i dag, kikka ut vindauget. Ja, eg har takvindauge over senga.. kan ligge å høre på regnet og kikke på stjerner ja. Men kva skjer når eg tittar ut i dag? Jo: Det er blå himmel! Blå himmel i Bergen! Det er ein god ting det!

Ha ein vakker dag du også, eg skal i alle fall sitte å nyte synet av blå himmel medan eg skriv oppgåve, les faglitteratur og drikk kaffi og sikkert litt kakao… og kanskje ein sjokolade… og hører litt på musikk… og ja.. gjer på eit eller anna anna som ikkje har noko i det heile tatt med skule å gjere.