Constituting Communities

constituting communities
Ehhh.. ok? Her er bilde av ei bok.. kvifor?

Jo, med å halde fram frå forgje skribleri, så er det kanskje noko som fatta kva som har hendt. Ikkje det? Lat meg forklare:

Hausten 2006 var eg på tur til Island, og kva gjer ein når ein er på tur? Jo, tar bilete. (Sjå bilete her på flickrsida). Kva skjer så når du legger ut bilete på verdsveven slik at andre kan sjå dei? Jo, du blir kontakta av ein professor frå Dannmark som liker bilete ditt. Og ja, han vil sjølvsagt bruke bilete som du har tatt på framsida av boka si. Kult, tenker du. Jepp, det stemmer.

Eg vil seie at dette må inngå i lista over 100 ting som skal gjerast. Punkt nr. 29 var å sjå eit bilete som eg har tatt i ei større avis. Eg vil sjølv meine at dette er større og endrar på punkt nr. 29 til å bli: «Sjå eit bilete som eg har tatt på framsida av ei bok!!» Det er herved gjort, og punkt nr. 30 er eg dermed også fint ferdig med..

Lang hisotrie kort: Bildet mitt som eg tok på Island (sjå her) dukka opp på framsida av boka «Constituting Communities» av Per Mouritsen og Knud Erik Jørgensen. Boka er jo sjølvsagt på framanlandsk, og sidan alle der ute har stor kunnskap om dette språket klipper eg rett og slett ut ein liten tekst frå denne boka slik at dykk kan forstå kva den handlar om:

«The French law against the head scarf, events following the Danish Cartoon crisis, the popularity across Europe of civic education, allegiance declarations and citizenship tests, and the falling star of multiculturalism as progressive idiom indicate a consensus that cultural pluralism and conflict needs to be addressed by political means. Europe is in citizenship mode. Few politicians advocate old-fashioned cultural assimilations. But everybody is still concerned with what prevents liberal societies from falling apart, what constitutes cohesion in viable and working communities, be it new forms of patriotism, enhanced participation, or civic culture. In this book distinguished authors from several social science disciplines advocate, discuss and challenge some of the main contemporary political solutions to cultural conflict in Europe and the EU.»

Spanande? Du kan kjøpe boka her, her, her, her, her, her, her, her (lydbok, kjem etterkvar), her, her, her eller berre klikke her for å sjå mange andre stadar… (ja, eit del av stadane manglar bilete av framsida enda.. og ja, prisane på boka varierer stort..)

Så berre spring og kjøp!! Johooooooo!

Måtte berre legge til det orginale bilete under:
Tingvellir / Thingvellir / Þingvellir