tilbakeblikk…

2007
Jepp, då er det tid for den store oppsummeringa av år 2007.

Så kva har skjedd…? ehhh… tenke tenke… ehhh… Tja, det store spørsmålet er vel heller kva som ikkje har skjedd…

Så dette har ikkje skjedd med meg i 2007:

    1. Eg har ikkje trulova meg (men… Siv + Nils)
      Eg har ikkje gifta meg… Kristin + Ole
      Eg har ikkje vore på bryllaupsreise… men andre, og andre
      Eg har ikkje fiksa meg unge til våren… slik som andre
      Eg har ikkje strøke på eksamen… andre har nesten… :)
      Eg har ikkje flytta til Lillehammer… Svein?
      Eg har ikkje flytta til Sogndal… Siv derimot
      Eg har ikkje hatt gastroskopi. Synnøve derimot
      Eg har ikkje vore på konsert med Rune Larsen… men Camilla
      Eg har ikkje hatt problem i val av skjørt… men Siv Anita
      Eg har ikkje sletta bloggen min.. (kremt kremt Line)
      Eg har ikkje lest 96 bøker… Hanna Marie, har du?
      Eg har ikkje sneke meg inn på Gullruten… Erlend?
      Eg har ikkje vore på M.O.A… men kvar er Linda?
      Eg har ikkje fått meg ein Sony Ericsson P1i… Eller ka Narve?
      Eg har ikkje kjøpt ny bil… Svein Arild derimot
      Eg har ikkje plaska i Eilat… men Eivind
      Eg har ikkje samanlikna med med Eli Hagen… Linn?
      Eg har ikkje hatt morgonstemning i Mongolia… Lina derimot
      Eg har ikkje hatt dagens vits… Helge

Ja, det er masse som eg ikkje har klart, men eg er godt nøgde likevel… 2007 var eit godt år!