2007 i bilete: Juni

Juni: Kommunistiske leikedyr

Juni var tid for å slutte første året på NHH, eg fann ut at eg var avhengig av kaffi, dagen då iPhone skulle kome til USA, og Facebook-hysteriet hadde nådd sin topp. Dette måtte illustrerast med utvalde videoar, men vent, fleire videoar! Det størest for Sveinung og eg var vel at vi vart side2-gutar i BA… eller kanskje ikkje…

Derimot, bilete over har ei heilt anna årsak. Det var med stort sjokk at eg oppdaga nok svært støytande når eg gjorde mi plikt som onkel og leika med småungane: Kommunistiske gufs! Den lange forklaringa finn du i lenka (bør lesast!), men i kortform: Er det verkeleg tilfeldig at alle leikedyra bøyer hovudet til venstre? Aner vi ei gjenntaking av historia om Jon Blund? Til og med litt Kudos fekk denne historia… (gi gjerne litt kudos du også..)

Sjekk også bilete for:

… og flickr