2007 i bilete: Januar

Januar: Aketur på fløyen

… å den som trudde oppsummeringa av 2007 var over. Las du skribleriet frå i går, så ser du ein del ting som eg ikkje har gjort. No vil eg derimot presentere ting som har blitt gjort. For kvar månad i år 2007 har det blitt plukka ut eit bilete som representerer spesielt den månaden. Det er derfor logisk å starte med januar.

Januar, det kom SNØ til Bergen. Snø vil seie ski, men sidan snømengda ikkje gav trygge skitilhøve, så vart det heller andre former for snøglede. Jepp, det vil seie romepakebrett, eller fubrett som det heite på sørlandsk (eller?). Men, men… ja, Januar vil seie snø. Anna er dagens heldige til å pryde skribleriet med si framtoning i bilete.

Skulle du ynskje å nytte flickr, så vil dei resterande bileta også bli presentert her.