2007 i bilete: Desember

Desember: Lysfesten
Det har blitt desember, og med det var året 2007 i bilete over. Litt trist og gå bort frå det gamle, men akk så godt å sjå fram mot noko nytt! Alle bileta dei 12 bileta som har blitt presenter er eit bilete frå kvar månad som forklarte mest om akkurat den månaden. Trykk på «les meir», så kan du sjå alle dei 12 bileta sama.

Men ja, det siste bilete. Dette bilete vart tatt 1. desmeber på lysfesten i Bergen. Bygget i bakgrunnen er Bergen Kunstmuseum (jepp, det er det som står på veggen også…) Lysfesten? He? Jepp, lysfesten. Bergen feirar lysfest 1. desember dei. Då blir julegrana på vatnet tent og det er allsang, lys, varme, folkeglede og fyrverkeri! Av desse tinga, så ser du vatnet, lys og ein del folk på bilete. Det resterande får du kanskje sjå ein anna dag her inne…

Så det var det, året 2007 er vel då herved forbi… Hmmm…

Jepp, her ser du da samlinga av alle årets bilete.

Get macromedia Flash Player

Du kan også sjå dei her på flickr.