2007 i bilete: August

August: Sommarens siste Trollhaugtur
Hmmm… Bjarne flyg.. kva kan det tyda? Joda, det skal eg forklare deg! Eit aldri så lite mål for sumaren 2007 var å kome seg opp på Trollhaugen (nei, ikkje Trollhaugen i Bergen der ein viss kjend fyr budde, men eit fjell bak huset heime som strekk seg 263 meter opp i lufta) kvar einaste dag i heile sumar. Etter 6 dagar innsåg eg at smerteterskelen var nådd, og kom fram til at restitusjon er viktig! Derfor vart målet 6 dagar i veka gjennom heile sumaren! Og kva skjedde? Jo, eg vil nok seie at eg klarde det! Johooo… altså: Spreke Bjarne! Så dette måtte også bli månadens bilete. Det er ikkje ofte at eg klarer å halde eit slikt mål!

Som vanleg, har du ikkje sett på dei andre bileta, så sjekk også bilete for:

… og flickr