2007 i bilete: April

April: Koh Tao - Panrama

… og vips, det har blitt April.

April var det årets store tur som var tingen. Frå påskeafta og utover mot eksamensdagane så nytte eg og Sigrun livet langt langt borte frå alt som kunne samanliknast med Bergen. Vel.. bortsett frå då det kom regn. Å då kom det MYKJE regn. Men, men… Det var nesten litt behageleg når temperaturen låg rundt 40 grader. Bilete over er henta bukta det vi budde på Koh Tao. Sunshine Divers Resort var staden, og livet var hærleg… Tja, kva meir kan ein seia? Eg vil anbefale å trykke på bilete, eller her, så kan dykk få sjå det i litt større versjon… Det som er verkeleg bildenerd kan trykke her for enorm versjon.

For det var nok kanskje eit paradis på jord, der vi snorkla med haia og elles vårt liv i Thailand… Fleire bilete frå turen finn du for eksempel her.

Sjekk også bilete for:

… og flickr