så ja.. kva skjer?

lesesalen
ehhh.. ja.. eg kunne sikkert ha snakka i det lenge og breie om at det er lenge sidan det vart skreve her sist. Faktisk heilt tilbake til den 18.10.07… og joda, det er lenge det! Eg kunne også babla vidare om at eg skulle betre meg med å skrive så masse meir, men det gjer eg heller ikkje… Det som eg derimot ville glede dykk med er at:

1. Det regnar i Bergen, og det er meldt nesten orkan til kvelden

2. Eg har fått meg ny varmomn på rommet. Den forgje sa berre PANG! og så kom all oljen ut…

img_0039.jpg

3. Tida går/burde gå med på å lese… vel.. den gjer jo litt det! Lesesalen har blitt vitja allereie 2 gangar denne veka. Jepp, det er lesesalen som har fått plassen som første bilete. Ikkje mange andre der kl 07.59 om morgonen nei… I tillegg så har eg faktisk lese heime også!

img_0024.jpg

4. Vi har fått ny xbox i hus.. pluss nytt bilspel. xbox + nytt spel = ikkje særleg bra før eksamen.