Paradis under vatn..

«Det finnes en øy i Thailand uten annen støy enn bølgebruset – og det kan du dykke ned i.» Det er ordlyden henta frå VGNett i dag… Eit aldri så lite skribleri frå Koh Nangyuan.Så kva har dette med dagens skribleri frå Bjarne?

Jo. For dei som har fulgt med her inne på bloggen min, eller elles i livet mitt… så veit dykk at i Apri i år, så var eg og Sigrun ein aldri så liten tur til Thailand, og då innom Koh Tao for å seie hei til broren henna som tilfeldigvis var dykkerinstruktør der for ei periode. Så kva har dette om denne saka på VGNett? Jo, Koh Nangyuan er naboøya til Koh Tao. Dette ser du fint skreve nedover i teksten… Men, det var noko meir enn det også… Ein av dagane vi var på Koh Tao så var eg ute på ein snorkletur, medan Sigrun låg sjuk heime. Og kvar trur du eg var da? Jo her:

1194701227141_266.jpg

Japanese Garden er det dykkeplassen heite. Ja, det var eit paradis. Meir kan ein ikkje seie om det. Berre litt festling at eit av hovudoppslaga på VGNett er om staden der eg snorkla rundt – Paradis under vatn. Det er ikkje vanskeleg å draume seg tilbake til dei tider… i alle fall no når lesesalen er det nærmaste ein kan kome nokke som heite paradis…. og.. ehh.. det kan vel kanskje ikkje seiast som paradis…

Men ja.. tilbake til røyndommen…
Her plaska eg rundt med snorkel:
MASSE fisk! Bjarne snorkla med de...

I denne bukta budde eg og Sigrun:
Stranda.

Utsikta som vi hadde:
Deilig badevann.

her åt vi middag:
Restauranten.

..og ikkje minst den lokale underhaldninga:
Imponerende flammeball-triksing.

og masse andre bilete frå turen vår til Thailand kan du sjå her