God Jul… (?)

ehh.. ja, det er vel framleis ein del dagar til jul da, ofte omtala som ei eksamensperiode på studenten si side, eller 41 dagar som andre vil seie det. For det er vel streng tatt ikkje før julekvelden eller frå 1. juledag ein kan seie god jul…
Det er eit kjent faktum at andre har gått ut med å få fram si meining om kva tid julefeiringa skal starte…
- det har skjedd igjen…
- når vi snakka om jul…
- årets første kakemann…
MEN, det er ingen av dei som seier “God Jul” allereie før adventsstaken har kome i vindauget. Eller, årsak, det har kome mange adventsstakar i vindauga allereie, men det er heller ikkje advent heller nei enda. (ja, ortodokse startar 15. november og feira i 40 dagar ja..)
Dagens oppfordring til alle der ute som har eit eller anna med marknadsføring og produktdesign å gjere, les her først!
hm….Du klager over at julemelka er kommet? Men var det ikke hos mor og far sunde at vi fikk servert julebrus 22 (eller rundt der) oktober? Det skriver du ikke noe om nei…Kanskje du skulle drive litt lobbyvirksomhet i egen butikk før du kritiserer andre? ;p
tja.. kanskje det.. men vi skal vel heller ikkje snakke om kven som drakk julebrusa da, og ikkje berre eit glas heller…
Men, det er også ein forskjell på å seie “God Jul” og det å drikke julebrus. God Jul er eit uttrykk som blir brukt til å ynskje ein person ei god julehelg. Pr. def. så kan ein ikkje gratulere med jul før på julekveld og da helst etter julenatt, altså 1. juledag. For det var først da Jesus vart fødd. Så derfor er det alt for tideleg å seie “God Jul” no. Og som du sjølv seier, julebrus (på Sunnmøre) er raudbrus. Og vidare, raudbrus er ikkje julebrus. Så derfor drakk du vel ikkje julebrus når du var på Sunnmøre heller. I alle fall etter dine meiningar. Så då blir det vel kanskje litt vanskeleg å kritisere bruken av ein brustype som du berre meinar har feil etikett.
Og, for så vidt. Eit uttrykk (God Jul) er ikkje det same som ein fysisk gjennstad. Sjølv om eit bilete/gjennstand kan seie meir enn 1000 ord, så er det framleis berre noko fysisk. Ikkje eit uttrykk. Så det går nok ikkje ann å samanliknast nei.
Ja, innrømmer at jeg drakk julebrusa og det gjorde da du også. Det med at jeg sa at det ikke var julebrus for meg forandrer ikke det faktum at det er julebrus for deg, så da er det vel du som gjorde noe galt? Ellers så har jeg heller ikke vært ute med å skrive innlegg om min misnøye om at juletida kommer for fort, så da er det vel ikke noe poeng å klandre meg for å drikke noe.
Ellers så lurer jeg nå på om du bare er misfornøyd med produkter som sier “God Jul” og at de andre “fysiske gjenstandene” er greie?