I’m addicted to…

Bokklubben

ehh.. bokklubben…


OPPDATERING 04.11.07:Bokklubben har i dei siste dagane endra på reglane:
visbildeservlet.gif
Så ja… Gåvekortet har no blitt 750,- kr. Du må bruke det innan 30 dagar.

Og ja.. bokklubben har oppdatert sine nettsider…


OPPDATERING 11.10.07: Bokklubben har endra på reglane: «Det eneste du forplikter deg til er å være medlem i ett år. Tilbudet gjelder kun ved innmelding i én klubb.» Det vil altså seie maks eit gåvekort ved innmelding.. eller kr 1.000,-. Men det må dog seiast at kr 1.000,- er framleis ein god vervepremie – nyt dagen!

OK. Det er på tide å avsløre ein av mine godbiter. Som ekte Sunnmøring, så elsker eg vervepremier og slikt… Så ja, i dag er det klart for historia om Bokklubben, og korleis eg har mottatt kr 9.000,- i gavekort. Ja, du høyrde rett, kr 9.000,-. Og der er enda meir å ta av.

Men he, korleis fungerar dette?
– eg også vil!

Jo, det har seg slik at Bokklubben har vervekampanje for å få fleire medlemma. For dei som ikkje har kjennskap til Bokklubben så har den tilsammen 14 forskjellige underklubber, med alle slags temaer som skal dekke dei flestes behov. Det som er poenget er at viss ein blir medlem i ein ny klubb, så får ein eit gåvekort på kr 1.000,-.

1000kr i gåvekort frå bokklubben

I seg sjølv så er jo eit gåvekort på kr 1.000,- relativt mykje. Så dette her var jo fantastisk! Men.. så kom eg på tanken: 14 bokklubber? 14 x 1.000 = kr 14.000,- i gåvekort. Det skal dog litt til for å få tak i alle 14.000. For det første, så viss du allereie er medlem i ein bokklubb, så forsvinn moglegheita for å få gåvekort på bokklubben som du allereie er medlem i. For det andre så er det ein del bokklubber som oppererer som barne- og ungdomsklubber, og då må ein faktisk ha barn eller ungdom i den rette alderen. Sidan ein ikkje tuklar med personinfo, så får ein ikkje tilgang til desse viss du ikkje har barne eller undom i huset. Men kr 10.000,- er det ingen problem å oppnå.

Men eg leser jo ikkje bøker, kva skal eg då med gåvekort på mange tusen, for Bokklubben har vel ikkje noko anna enn bøker?

Vel, det er her du tar feil. Bokklubben har MYKJE anna som kan fatte interesse. Du kan heller kanskje vere interesert i gåver og utstyr? Bokklubben har masse av kvalitetsutstyr til kjøkkenet. Så her er det mykje å ta av! Du kan jo sjølvsagt velge bøker også da.. viss det er det som skulle fatte di interesse.

Men he? Korleis gjer eg dette?

Glad du spurde, eg skal forklare godt – punktvis.

  • Du må vere medlem i Bokklubben. Er du det, gå til punkt 4 etter at du har lest gjennom dette punktet. Er du ikkje det, så må du først melde deg inn. Innmeldig kan du gjere her eller her eller f.eks kanskje her Alle desse linkane gir adgang til å bli medlem i sjølve Bokklubben, berre forskjellege underklubbar.
  • Inne i innmeldingsskjemaet må du fylle ut forskjelleg personalinfo. Du vil også få spørsmål om du vil motta informasjonsbrev, bokpresentasjonar og anna klubbinformasjon i forskjellege former. Her kan du velge det som passer deg best
  • Du må så godta medlemsbetingelsane. Desse skal du lese godt før du godkjenner dei. (Les neders på denne sida for meir info)
  • Trykk «Send innmelding»
  • Sidan du no er medlem i ein av bokklubbane, er det no tid for å melde seg inn i fleire bokklubbar. Du finner ei oversikt over alle bokklubbane til Bokklubben her
  • No er det berre å trykke i veg på alle bokklubber som du vil melde deg inn i. Hugs at du får kr 1.000,- pr. bokklubb som du melder deg inn i. Du kan sjølvsagt også krysse av for andre innmeldingsgåver
  • Etter at du har trykk på ei lenke til ein bokklubb må du på nytt fylle inn personalinfo. Sidan du no er medlem kan du sleppe å fylle ut skjemaet på nytt ved at du skriv inn kundenr. ditt og passordet frå din første bokklubb.
  • Du har no blitt medlem i ein ny bokklubb, og har fått eit gåvekort på kr 1.000,-. Gåvekortet får du enten tilsendt i posten eller på e-post. Det kan derfor ta opp til fleire dagar før medlemsskapet ditt er ferdigregisteret og at du mottar gåvekortet.
  • Så er det berre å melde seg inn i så mange bokklubbar som du ynskjer.
  • og det var alt…
      MEN! ja, der er eit men… Bokklubben gir ikkje berre ut pengar, dei er snill med sine nye medlemmar. Når du godkjenner medlemsbetingelsane så har du verva deg opp for eit år til bokklubben. Når du godkjenner desse reglane så seier du ja takk til å motta automatisk såkalla hovudbøker frå kvar klubb. Hovudboka er ei bok som den akkutelle bokklubben sjølv vel, og den blir så sendt til deg. Kor mange hovudbøker du godkjenner å motta er avhengig av kva klubb du er meldt inn i, og kor mange klubbar du melder deg inn i. Skulle du angre på at du har meldt den inn i mange bokklubbar har ein angrefirstlova som seier at du kan angre innan 14 dagar. Skulle du angre på ditt val etter det, forklarar medlemsbetingelsene at du må betale tilbake velkomstgåva di, altså kr 1.000,- pr. klubb som du har meldt deg inn i.

      Men.. vil dette seie at eg vil motta ein haug med bøker som eg ikkje vil ha?

      Nei. Etter medlemsbetingelsane kan du avbestille hovudbøker som du ikkje vil ha. Du blir opplyst om avbestillingsfrist i e-posten eller medlemsbladet som du mottar. (Typen varrierer etter kvar du velger under utfylling av personalinfo.) Når du avbestiller hvoduboka, så får du ikkje bok i posten og du slepper, logisk nok, å betale for boka som du ikkje får. Altså ynskjer du ikkje å betale for bøker du ikkje vil ha, må du avbestille dei.

      Hmmm.. er ikkje det stress å avbestille?

      Nei, det er faktisk ikkje det… for, før bøker blir sendt ut mottar du, som sagt, først ein e-post eller medlemsblad i posten som seier at du snart vil motta hovudboka. Du kan no logge på sida di, trykke på «hovudbok» og så «avbestill.», og du vil ikkje motta boka. Men, kva skjer når eg er medlem i mange bokklubber, og ingen av hovudbøkenen fattar interesse. Er det da ikkje stress å måtte gå inn å avbestille frå kvar klubb som eg er medlem i? Nei. Bokklubben har gjort det så fint at alle bokklubbane som du er medlem i, er lista opp på ei fin fellesside. Det vil seie at lista over alle hovudbøkene og avbestillingane for dei ligg på ei side. Dermed blir det også enklare å avbestille dei bøkene som du ikkje vil ha. Det er også andre lette løysingar på å avbestille. Bokklubben er så inovativ at dei har laga til SMS-avbestilling. Det er berre å sende ein SMS, og hvoudboka er avbestillt. Dette kostar dog ein liten slant. Eller så kan du ringe inn å avbestille.

      Så ja, bokklubben er snill som deler ut gåvekort til nye medlemmar. Berre for opplysing, så tar eg ikkje noko som helst ansvar for at du må betale for bøker som du ikkje vil ha. Eg tar heller ikkje ansvar for at du angrer på dine handlingar med å melde deg inn. Eg tar heller ikkje noko ansvar for at personar oppgir feil personinfo og støtter meg heilt bak medlemsreglane til Bokklubben. Eg reknar også med at Bokklubben blir glad for nye medlamma som nyttar seg av dette gode tilbodet som dei har kome med.

      Ha ein vakker bokdag!


      OPPDATERING: Etter unormalt stor pågang på denne sida, og den nette sum av 141 forskjellege SPAM-kommentarar berre den siste timen, med alt anna enn norsk språk som gangar seg på denne sida, så har eg tatt valet med å deaktivere kommentarsystemet for å unngå totalt samanbort av sida. Vonar at dette ikkje medfører store sorger og tap for nokon.

      Har du noko som du ville seie, så kontakt på: bjarne krøllalfa bjarnebs dått com.