Nasjonalbanken

The National Bank - Let Go

Sigrun meinte at når eg skreiv ein aldri så liten kommentar om Trang Fødsel sin Hammock, så vart eg musikkanmeldarane sitt svar på Ari Behns bryllupstale til Engle-Märtha… men, men… eg stopper ikkje på grunn av litt motgang.

Så Bjarne B. Sunde, musikkanmeldar er tilbake: Denne gangen er det The National Bank og deira singel Let Go!

Sangen har allereie strauma ut av musikkmaskina 6 gongar i løpet av den siste 20-minutta. For ja, det er ein heilt fantastisk bra sang. For det går ikkje ann å kalle den heilt fantastisk. Men for all del, blir albummet som kjem etterkvart, av same kvalitet som denne singelen så er de berre å legge småpengane til side og glede seg. Ja, denne singelen er ein mykje meir pop-innspirert sang enn den forigje singelen deira, Tolerate, som kom ut for over 3 år sidan. (Hmm.. det var faktisk litt lenger tid enn kva eg trudde) Derfor er det også kjekt å høyre at dei er på veg tilbake! Men ja, Tolerate vs. Let Go? Det blir som melankolsk Thomas Dybdahl-mystikk mot lett sumarpop prega av meir glede og lykke enn dyster og mystisk musikk om å tolerere…

Jaja.. eg er nok ikkje den beste til å skrive slik. Let Go har blitt spela 8 gongar no, og eg er framleis ikkje lei av den, så dette her lover bra det. Er faktisk meir glad i den no, enn første gongen eg høyrde den. Ja, du kan høyre den her på MySpace, eller stikke innom iTunes Store og få både høyre ein smakebit og deretter kjøpe dette godet. For det er verdt dei 8 kronene som den kostar, og enda meir…

Nyt dagen!