på denne dag…

U2 - Valle Hovin

… for to år sida.

ja, eg var der. Du verda kor eg var der! Midt inne i den inste sirkelen stod både eg og Svein Arild. Berre nokre få meter frå svetten som rann frå både Bono, The Edge og sjølvaste Adam… Larry satt litt lenger bake på scena..

U2 - Valle Hovin

Eg kjenner at eg blir heilt tom av ord når eg tenker tilbake. Det er ein dag som ja, var rett og slett ubeskriveleg. Og det kjem den alltid til å bli. Det skjelver framleis nede i beina på meg når eg tenker på det. Stemmninga av å vente 10 timar i kø… 40 000 folk som står bak deg og synger med på «One» osv. Det var rett og slett berre fantastsik!

U2 - Valle Hovin
Det vil altså seie at alle desse + enda fleire stod bak meg:) Blant anna Linn , Helge og sikker mange fleire… Var du der?

Takk til DB, VG og evt. andre for bilete…