lyden av sumarglede!

Trang Fødsel - Hammock

I løpet av livet har eg i alle fall lærd meg ein ting, ein må ikkje seie at somaren snart er over. For før ein har nått enden av setninga, så er somaren allereie over. Så nei, eg seier ikkje at somaren er over, men du verda så fort den har gått. Skreiv for ei lita stund tilbake om tidelege sumarminne. Og vips, så har det gått snart 2 veker til. Men ja… nok om det.

Lyden av sumarglede! eller sommerglede viss du likar det på den måten. Eg vil nok ikkje seie at eg er den store musikkjournalisten, men tenkte det var tid for å skrive litt om musikk. Som eg så har skreve litt om her, at det er vanskeleg å forklare kven ein er, men ved å sjå på mange sider, så finn ein til slutt ut kven ein person er. Musikk er ein slik ting som er med på å forme ein person. Derfor vil eg også skrive litt om musikk.

så ja.. lyden av sumarglede (nok ein gang)…

Du har sikkert allerie høyrd om plata på tv-aparatet eller på radioen. Det er snakk om lystige sumarlåtar, det er snakk om glede, sol og sang. Det er snakk om Trang Fødsle, og ein viss Hammock. For det var nettopp reklama som gjorde at eg investerte i denne plata, med ein draum om å få ei nydeleg sumarplate – ei plate som gjer at ein straks tenker tilbake på sumaren i 2007.

Straks ein putter inn cd’en.. eller trykker play på mediaspelaren din, så straumar «Hei, Her Er Jeg» ut i lufta. Den nydelege sumarlåten som du sikker har høyrd mange gongar allereie er ein låt som straks setter deg i humør for ein sein sumarkveld, medan ein griller i solnedgangen. Dei små irriterande myggtinga flyg rundt deg, men sangen bringer større glede enn kva irritasjon myggen klarer å kome med. Rett og slett ein nydeleg sumarlåt.

Videre går musikken straks vidare til tittelsporet – Hammock, nok ein nydeleg låt som setter kropp og sinn i sumarstemning, og du draumar deg straks tilbake i hengekøya på ein sval sumardag i skyggen. Og ja, du tenker heilt rett når du tenker at dette var ein typisk Trang Fødsel låt. Det er tydeleg at Trang Fødsel har bevart sine drømmedamer, håpet om å vere hippie og livet sett litt kursivt…

«Ikke Meg» tar vare på den gode stemninga som du allereie har fått… sjølv om teksten ikkje heilt kan minne om sommergleder, så skal det premierast at ein er ærleg.

«Skulle bare mangle» viser også tilbake til Trang Fødsel sine gamle glansperioder, og gir ei skikkeleg «god stemning». Det virker dog som om Trang Fødsel til og med har fått litt inspirasjon frå Bare Egil Band heilt i starten på sangen. Men med munter nytting i bakgrunnen blir det berre god stemning – det skulle berre mangle.

Mange vil nok kjenne seg igjen i «Lett å la Seg Friste..» (nei, ikkje eg.) men ja.. hør, lytt og tenk godt over kva du gjer, før du gjer det… Kan det kanskje vere fordi ein er «Nytelsessyk»?

For å ikkje gå lei av å skrive om sanger.. så lar eg du får ein overraskelse på dei neste sangane:)

Heilt til slutt kjem «Nå Reiser Vi Hjem» danner ein nydeleg slutt på heile plata. Dog, litt tirst å høre på denne sange sidan sommeren ikkje er over på lenge enda… Men i forhold til resten av det som plata har bygd opp. Så er det ein utmerka slutt på ein nydeleg plate.

- Ingenting varer evig…

Konklusjonen er enkel: For meg er dette årets sumaralbum. Sjølv om sumaren enda ikkje er over, så er det desse nydelege låtane som vil ta meg tilbake til sumaren 2007. Stikk innom her du (ja, du trenger iTunes), og kjøp den sjølv:) Så har vi straks mykje å prate om på hauste, om felles minner som vi ikkje har opplevd sammen…