den som venter…
Ja, nerde-Bjarne kjem ut av sitt skap av og til. I dag er det med eit gledens bodskap! Og ja, det er snakk om eit Appleprodukt – ja, det er snakk om iPhone! Telefonen som alle snakker om, telefonen som skal revlosjunere heile verden med sin fantastiske iPod, utrulege telefon og den banebrytande internettekonologien, og ikkje minst skape fred og forståelsen mellom alle folkeslag på jorda.
Enten du vil eller ikkje, så ha du sikkert fått med deg at telefonen vart lansert i USA for snart ein månad sidan, og for den meir interesserte, så har den slått alle slags mogeleg salstal, og alle ser ut til å like den berre heilt fantastisk! Det triste er berre at det ikkje er sikkert at vi her i Noreg kan få tak i dette gildet!
MEN!
I dag har det skjedd ei stor hending. CDON kunne i dag meddle at: “Varen er beregnet å komme på lager: 09-01-2008″ jaja, det er lang ventetid. MEN (ja der er eit men til…) du verda for eit gledens bodsakp du får når du leser lenger ned på sida: ” Låst til operatør: Nej ” For deg som ikkje forstår andre språk enn Norsk, så tydar “Nej” det same som “Nei”! (Les det her sjølv) Dette her er noko som ein kan feire med boller og brus. For eg vil ikkje like at stjelenor tar beslag på heile iPhonesalet i Noreg, med sitt spesielle iPhoneabonnement som berre kostar 30 gangar meir enn telefonen, pr veke i avgifter…
Men ja, ta på skjørt og dans litt hula, for i dag er det ein gledes dag for alle! så lenge ikkje det er snakk om ein aldri så liten glipp av CDON da.. eller at dei berre tuller med oss stakkars nordmenn.. eller kanskje at det faktisk er sant, men så har det skjedd ein forferdeleg bra glipp i systemet, og dei har lagt ut info som dei ikkje burde ha gjort!
No tipper eg at du vart glad Sveinung!

Dette er berre bra, gledar meg til den kjem :-D !
HALLELUJA!!!!!!!!!
Kommer meg ikke inn på CDon-siden for iPhone :/
Det ser ut som om CDON he flytta om litt på sida si.. no finner du om iPhone her
Hipp hurra..?
ja, HiPPhIppHURRA skal du seie Linn!
Som sagt: “ta på skjørt og dans litt hula”… (eller.. for din saks skuld: gymtrikåen utan spesielt merkverdige blondekanter og gymsokkane som ikkje passer sammen med resten…)
altså, det var jeg som fant det ut først, når jeg var på CDON å skulle handle meg en mobil :p
hehe:)
det stemmer nok Asbjørn, skal ikkje ta æra frå deg for det. Det var i alle fall ikkje det som var målet. Las det inne på forumet og tenkte jippiJippi! å sidan Apple er ein stor del av livet mitt, så skreiv eg om det….
Men at det skulle bli så stor pågang på sida for denne saka viste eg ikkje. Spesielt etter at det vart artikkel på mac1 om det.. Det hadde eg faktisk ikkje trudd skulle skje. (for ja, det er ikkje eg som skreiv den) Ser at også tv2 og itavisen har gått ut med det… Det rare med det heile var at tråden du starta inne på forumet forsvann så fort, men så plutseleg vart det artikkel om det og alt berre eksploderte.
Men ja, for å forsvare meg, så har eg aldri sagt det var eg som fant fram til dette. Kunne kanskje referert til mac1-forumet, men trudde ikkje denne saka skulle bli så stor, og sidan sida mi er så liten, og stort sett den einaste personen som eg veit er innom her og elsker mac like masse som meg, er allereie på forumet.. (ja, Sveinung, det er du. du kan ikkje nekte for det.)
Nei, mente ikke det ikke slik. Men takk for at du sier det på den måten :)
Ser fram til iPhone jeg også XD
Nekter på ingen måte for det..hehe
hehe:) versegod Asbjørn! Alle gleder seg!
MEN ja! OPPDATERING!
På flyet i går… fyren ved sida av meg hadde ein iPhone! Du verda! DEN VAR RETT OG SLETT NYDELEG! ahhhh…. MÅ HA MÅ HA MÅ HA!!!
ja, versegod Sveinung!
Dette var et godt budskap ja….men noen som vet hva denne gleden koster?? sånn cirka??
Hilsen gammel kjerringnerd med sans for dupeditter.
ps: Utrolig flott side…
Heisann Laila!
Først, tusen takk! Kjekt å få tilbakemelding om slikt.
Men ja, kven veit kva den kjem til å koste. Prisen på den har blitt rekna opp på mange måtar, ved å samanlike med andre telefonar og prisar. Knytte opp mot iPod-modeller osv.. Stort sett alle kjem til ein pris mellom 4000-6000kr. MEN, det store poenget er at det er 2 års bindingstid i USA, i Norge er ikkje det normalt. Og ja.. kven veit. Ingen får vite før den tid:)
Hald ut!
[...] det måtte vel komme. CDON har endra litt på informasjonen om kva tid iPhone kjem på lager osv.. den tidelgare datoen var 09.01.08, men slik som ein ser no, så har det straks blitt litt lenger tid. Det er ikkje lenger bekrefta [...]